• Photo: Wikipedia (Opphavsrett)
  • Photo: Teikna av Magnus Hardeland (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Skare, X14953 bryllupskjenge. (Opphavsrett)

Kvam herad

Kyrkjesokn og prestegjeld

Kvam prestegjeld – til 1911 var namnet Vikør – omfatta soknene Vikøy og Øystese. Strandebarm prestegjeld var fram til 1802 delt mellom to prosti: Strandebarm og Varaldsøy i Sunnhordland og Jondal i Hardanger. Frå det året vart heile Strandebarm prestegjeld lagt til Hardanger.

Grensa til Jondal

Jondal var eigen kommune frå 1846. Grensa mellom Kvam og Jondal gjekk i eldre tid mellom to tun på Heradstveit i Tørvikbygd. «Innitun» høyrde til Kvam og «Utitun» til Jondal. Forklaringa er at Tørvikbygd frå mellomalderen av og fram til 1964 høyrde til Jondal skipreide og kyrkjesokn. Sambandet over fjorden var lettare enn over Vangdalsberget.

Stadnamn i Kvam

Ålvik har heist gno. Qlr «or, older» som førsteledd. Kjepso kan vera eit gammalt elvenamn samansett av gno. kefsir ”træl" og skor «avsats» pluss á «elv>. Rosseland har gno. ross «hest» som førsteledd. Sisteleddet i Fykse, dvs. -e, går attende på vin. «eng». Førsteleddet er usikkert, mogeleg fok ”drev, rok” eller eit eldre ord for «rev», if. engelsk fox. Tokagjelet inneheld truleg eit ord som er i slekt med tak. Førsteleddet i Ljones, eldre Ljánes, er ljå; samanlikning med forma på landskapet. Førsteleddet i Tangarås, av gno. tQng ”tang, stong”, har opphav i ei samanlikning med åsen der garden ligg. 

Share to