Ingerid Ormsdotter

Soleis heitte ei møy som aatte mykje av Bø, som heitte Sætersbø og radt ned mot Brattestaa i Nes.

Eingong gjeng ho saman med einkvar utyver klosterbrui i Skien. Som ho er midt paa brui tek ho av seg ein diger gullring og kastar i fossen med dei ordi:

- Likso umogeleg som det er at eg fær att denne ringen nokon gong, likso umogeleg er det at eg kan verta fatig.

Men ein laks hadde set det blenkja i vatnet og hadde slukt ringen, og daa ho seinare kjøpte laks, fann ho ringen i magen hans. Og ho vart paa resten so fatig at ho vart sitjande paa ein liten turrlendt plass heitte Refshaug i Nes. 

Share to