• Photo: Per Eirik Hekkelstrand (Opphavsrett)
  • Photo: Moltke Moe/Norsk Folkeminnesamling UiO (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Torbjør Ripilen

Eit brev skrive av Moltke Moe gir oss eit møte med ei av songkjeldene hans og eit blikk inn i samlararbeidet hans i Vest-Telemark på slutten av 1800-talet.

Eit brev til fru Stang

9. februar 1891 skreiv Moltke Moe eit brev til sin bekjente Fanny Stang, vedlagt eit foto av Torbjør Ripilen, som han sjølv hadde tatt halvtanna år tidlegare. I brevet fortel han om sine møte med Torbjør, som han hadde besøkt og skrive ned viser etter. Familien Stang hadde på 1870- og 80-talet tilbragt elleve år som prestefolk i Mo i Telemark, der Torbjør på den tid var busete i prestegarden, dvs ho hadde husvere og arbeid der, og stelte for seg sjølv. Brevet til fru Stang bragte derfor ei helsing frå Torbjør med takk for gamle dagar. Saman med fru Stangs eigne minne, gjengitt i vekebladet Urd 1920, gir det ei rørande bilete av eit smålåtent, arbeidsamt og gudfryktig menneske.

Besøk på støylen

Torbjør Ripilen vart fødd på den vesle heigarden Ripilen i 1820, og ho var såleis i 70-årsalderen då Molkte Moe møtte henne. Han fortel: ”Hun bærer sin alder godt og er endnu kjæk og ufortrøden i alt hun blir sat til. Saa gammel hun er, laa hun i høst oppe i Bottendalen paa løvkjærving, da jeg søgte henne op; (...) Med en sikkerhed og en aandslivlighed, som tidt var forbausende, kunde hun sidde time efter time og fremsige eller synge sine gamle viser for den fremmede optager, der vilde have hvert ord og hver lyd saa kjedeligt nøiagtigt.”

Draumkvedet

Moe skreiv opp fleire balladar etter Torbjør, mest omtalt er nok Draumkvedet, som han skreiv opp etter henne hausten 1890 – nettopp ved det høvet han skildrar i sitatet over. På denne tida oppheldt ho seg mest på Felland, fortel Moe, men ho var altså på støylen med lauving då han kom for å treffe henne. ”Hun lette med møie de halvglemte vers frem i hukommelsen, og målet som bar dem var skjelvende og sprukken. Men eftersom mindet klarnet og stemningen grep hende, fikk røsten varme, og de furede, magre kinder begynte at rødme.”

Moe og andre samlarar fekk Draumkvedet også hjå mange andre kjelder i Vest-Telemark. Mange kunne litt, men berre få kunne mykje av dette gamle visjonsdiktet. Etter Torbjør Ripilen skreiv Moe opp sju strofer.

Åndelege songar

Men det var ikkje berre balladar Torbjør kunne. Fanny Stang hugsa frå tida i Mo prestegard at ho var særleg glad i dei religiøse songane: ”I mørke vinteraftener, naar vi sat og ventet i ængstelse paa manden min, som skulde hjem fra annekset i snestorm og gjennem vældige snefonner, kom hun av og til ind i stuen med rokken sin. Og under rokkehjulets dur sang hun i begeistring salmer og aandelige viser i vekslende tonefald med skjælvende røst. En kunde næsten komme i poetisk stemning. Barna lyttet med smil og straalende øine. ”Petter Dass” likte hun bedst. Især ”Jephtæ Løfte”. Hun kunde hvert eneste vers av den lange sangen.”

”... da var hun mangen gang smuk”
 

Torbjør var ugift og livnærte seg ved forskjellig arbeid. Mens ho var i prestegarden bar ho posten frå Dalen i all slags ver, og var med i forskjellig onnearbeid. ”Aaja, hun slet for os uten klynk og klage den snille gamle kroken”, minnest fru Stang. Det er tydeleg at både ho og Moltke Moe fekk djup respekt og godhug for denne kvinna. Moe fortel frå kveldane på støylen: ”Vi blev gode venner; og naar vi om kvelden sad sammen med de andre i kreds om gruen og havde læst vort kapitel i testamentet og hun saa kom med sine spørsmaal elller bemerkninger i anledning af det vi havde læst, da var hun mangen gang smuk, ogsaa i ordets dybere betydning. Jeg vil mindes hende fra mer end én slig aftenstund.”

Og fru Stang avsluttar med: ”Gud være tak for møtet paa vor livsvei med Torbjør. Velsignet være hendes minde.”

 

Share to