• Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Telegrafistane

På Finse stasjon var det på 1940- og 50-talet fire telegrafistar som delte dagvakta saman med stasjonsmeisteren. Ein hadde nattevakta, mens den fjerde hadde fri. Nattevakta hadde ein einsam jobb i finvêr. Då kunne han sova med hovudet på bordet og ullteppe over seg. Sentralbordet var jo rett over hovudet hans, og telegrafapparatet ved sidan av. Men i dårleg vêr var det lita tid til kvile. Var det snørydding, måtte ein varsla alle banevaktarane om kor og når ryddinga skulle gå føre seg, slik at det ikkje skjedde ulukker. For å varsla brukte dei telefonsignal. Det var ulike signal for kvar vaktarbustad, til dømes var det eit kort, eit langt og så to korte til Larsbu, vaktarbustaden rett aust for Finse.

Share to