• Photo: ukjend (Opphavsrett)

Osbanen - «Det tidsmæssigste Bindeled»

Då Nesttun - Osbanenen vart opna i 1894, vart det nye jernbanesambandet sett på som «...det tidsmæssigste Bindeled mellom Byen og dens bedste Opland».

Halvert reisetid

Dette var nok sant. Reisetida mellom Os og Bergen, som med dampbåten var fire timar, vart halvert. Jordbruket korn mykje nærare den store ferskvaremarknaden i Bergen, og bykjøpmennene fekk ein ny marknad på bygdene. I overgangen til pengehushald fekk dette mykje å seia.

For Ulven leir var det også eit stort framsteg då Osbanen vart opna. Tidlegare måtte soldattransport og varetransport gå til Buena i Lysefjorden og langs dårleg landeveg fram til Ulven.

Nedlagd etter 40 år

Det gjekk likevel ikkje lang tid før Osbanen ikkje var så «tidsmæssig» lenger. Banen var smalspora, og planane om å byggja han om til normal sporvidde vart aldri noko av. I 1935 gjekk siste toget. Bussar og lastebilar hadde teke over.

Minnesmerke

Nokre verdfulle minnesmerke står enno att. Mellom Hetleflåten og Storestraumen ligg eit par kilometer urørd jernbanetrasé parallelt med E39, med to karakteristiske bruer. «En sådan fylding, der ligger ude i vandet ved Bergestøen, savner vistnok sin lige i hele Nord-Europa» skreiv 0. W. Fasting på ein av det tidlege turane med Osbanen .

På Os stasjon står bygningane att. I Fana er Stend stasjon teken vare på og restaurert.

Share to