• Photo: Ambjørg Reinsnos (Opphavsrett)

Lindås kyrkje

Status og velstand

Ved sida av å fungera som gudshus, signaliserte ei steinkyrkje status og velstand. Eit brev frå 1315 nemner ein mann ved namn Bård, som då var prest her. Elles er Lindås sokn omtala i eit dokument frå 1349 og i jordeboka Bergens kalvskinn, truleg frå 1350-åra. Mellomalderkyrkja stod nokre meter aust for den noverande kyrkja. Ho hadde eit lite, kvadratisk kor og eit noko større skip. Ein døypefont frå denne kyrkja er bevart i den noverande kyrkja.
 

Større kyrkje på 1600-talet

Då folketalet byrja å ta seg opp att etter pestane i seinmellomalderen, vart den gamle steinkyrkja altfor lita. På 1600-talet bygde ein difor eit nytt skip i tømmer, medan det gamle skipet vart kor og det gamle koret eit skrifterom. I vest var eit tårn og våpenhus, og dessuten fanst eit mindre våpenhus på sørsida av koret. Dei lafta tømmerveggane hadde tjørebreidd bordkledning utvendig. I 1721 er måla oppgjevne å vera: skriftekammeret 9 x 10 alen, koret 15 x 16 alen, skipet 22 x 16 alen, det vestre våpenhuset 5 x 8 alen og det søre 4 alen i kvadrat.
 

Ny kyrkje 1865

I 1865 kunne ei ny kyrkje innviast. Ho blei reist like vest for den gamle kyrkja, som vart riven. Veggane er av lafta plank og utvendig kledde med liggjande panel. Koret er lågare og smalare enn skipet og har ei rett avslutning. I vest er tårn og våpenhus. Si noverande form fekk kyrkja etter ombygging og restaurering i 1960-åra under leiing av arkitekt Ole Landmark.
 

Share to