• (Opphavsrett)

Kong Sverre og mennene hans

Om striden mellom heklungane og birkebeinane og åtaket på Magnus Erlingsson, som sat i Bergen i 1183, fortel Sverresoga:

«Alle valde å fare til Bergen. Da sende kongen nokre sjekter inn i Ulvesund, og sjølv siglde han utanskjers. Inni Ulvesund tok birkebeinane to skuter frå heklungane og drap dei fleste, men gav nokre mann nåde, så dei kunne frette tidender av dei. Dei fortalde at det låg tre skuter på speiding i Langøysundet, og det var ein vete sør på Håøya og ein på Askøy; frå den såg ein inn til byen. Dei foralde òg at heile hæren sov oppi byen, og i kva for gardar storfolket sov; skipa deira låg fullt tjelda utfor bryggjene. Med desse meldingane kom dei no til kong Sverre.

Kongen sende folk i førevegen med dei skutene som heklungane hadde ått, og desse skutene fòr da først sørpå. Da dei kom siglande nordfrå Drevøy, drog heklungane kjensel både på skutene og på skjolda, og tenkte det var deira folk. Men straks skutene kom inn på dei, tok birkebeinane til å skyte; heklungane sprang på land, somme vart drepne. Birkebeinane tok no skutene og alt som var på dei, og bia der på kongen. Etterpå heldt dei leia søretter. Kongen sende på nytt dei skutene føre som heklungane hadde ått, og bad dei ta veten på Håøya. Men birkebeinane var veidehuga, og rodde fortare etter enn kongen ville, så vetekaren gådde dei og sette eld på veten. Så rodde dei sør innunder land; for det bar skugge av fjella ut på sjøen.»

Share to