• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Snørydding ved Fagerbotn

Ved Fagerbotn køyrde eit nattog seg fast i januar 1937, då plogen brakk og «rotarane» som kom frå Finse og Myrdal kjørte seg fast i snøfonnene. Dei 74 passasjerane kom seg av toget fyrst etter eit halvt døgn og ei dramatisk evakuering. Passasjerane måtte gå i taug for ikkje å koma bort frå kvarandre då dei forlét dei heilt nedsnødde vognene. Snøstorm og kulde gjorde at mange av banearbeidarane forfraus seg, og det tok ni dagar før bana kunne opnast att.

Snøryddinga gjekk føre seg på eit anna vis den gongen. Banevaktarane langs linja kontrollerte kor mykje snø det var på linja, og tilkalla «rotaren» når det hadde kome nok. Då var det ofte for seint for lokomotiva som trass i frontplog «klatrar» dersom det ligg for mykje snø på skjenene. Styrekanten på hjula, flensen, er berre 27 mm, og blaut snø som frys fast på skjenene gjer at dei kan spore av. I dag vert det køyrd snøryddingsutstyr mellom kvart tog.

Share to