• Photo: Jakob A. Kirkhorn
    (Copyright)
  • Photo: Ill. frå Vargtid: Astor Furseth, Universitetsforlaget, 1995
    (Copyright)
  • Photo: Frå Vargtid: Astor Furseth. Universitetsforlaget,Oslo 1995.
    (Copyright)
  • Photo: Audun Dybdahl; Jens Fenstad. Falskymyntner på sin hals. Nidaros Forlag 1985. (Setelen finst i Noregs bank)
    (Copyright)
  • Photo: Illustrasjon: J. J. Reichborn, 1765.
    (Copyright)
  • Photo: Gjenstand NRK 04862 i Norsk Rettsmuseum
    (Copyright)

Falskmyntnaren frå Norddal

I ei norddalsbygd på indre Sunnmøre levde husmannssonen Peder. Han hadde kunstnargivnad og kunne teikne kva som helst, også pengesetlar.

12-åring teiknar pengar

 

Unge Kari gifte seg i 1779 med den 24 år eldre Lars Dalebø i Norddal på indre Sunnmøre. Det var neppe velstand som lokka, for Lars var ein fattig husmann, men han var noko for seg sjølv og titulerte seg som målar. Sorenskrivarens skreiv om han: ”fusker-maler for bondealmuen” som ”med malerkosten at ridse nogen usle blomster og bogstaver på trekar og drikkeskåle for almuen.”
I 1782 fekk dei den evnerike guten Peder. Han fekk litt skulegang, kunne lese og skrive, og Lars sjølv lærte sonen sin å teikne og måle. Peder var ein ivrig elev, og 12 år gammal kopierte han alt han kom over, også nokre riksdalarsetlar. Faren syntest setlane var så gode at han prøvde å betale med dei – men anten det var mistenkeleg at Lars åtte reie pengar, eller dei ikkje likna heilt, så gjekk det gale. Det var på hekta at han ikkje vart meld til lensmannen.
Peder laga visstnok ikkje fleire setlar med det første. Han reiste rundt eller tok på seg oppdrag, og hadde også arbeidsstad på loftet på Dalebø. I inventarlista etter arrestasjonen står: eit belte, eit par handlingar, eit par hoseband, to blekkskrin, ein pennekniv, ei bok av Hans Nielsen Hauge, ymse verktøy, målarfargar, penslar.
Peder vart stadig flinkare, og 18 år gammal teikna han på nytt bancosetlar (1 riksdalar), og dei var så gode som ekte. Det var kome nye setlar i 1796, med lyseblå farge for å hindre falskneri, så Peder heldt seg klokleg til dei gamle 1791-setlane. Han brukte teiknepapir, blekk og penn, og laga seg eit stempel skore ut av ask, som han banka ned med hammar. Vi veit ikkje om det var pengenød eller utfordringa som dreiv han. Sju setlar vart perfekte, nytta som betaling utan å bli oppdaga. Ein riksdalar var 96 skilling, eit stort beløp på den tida.

 

Farleg kunst

 

Ein heimkomen soldat ville satse på hestehandel, men mangla kapital. Det er uklart om han ante at Peder alt hadde laga falske pengar, men visste iallfall at han var flink. Soldaten overtalte så Peder til å lage bancosetlar, som han skulle ”søle eller smudse dem til, så de skal se gamle ut”, og sette dei i omløp utan risiko for Peder. Først bestilte han 5 setlar, seinare mange fleire, utan at Peder fekk stort for umaken, truleg berre 12 skilling.
 Soldaten brukte pengane, men masseproduksjon senka nok kvaliteten, for etter eit halvår tok det til å gå rykte om pengefalsk. Falskmyntneri var dødsens alvorleg, og då det attpåtil vart funne ein falsk setel futekassa, kom det full gransking. 24 mistenkelege setlar vart oppdaga, og soldaten snart utpeika. Han kunne verken skrive eller lese, og i avhøyr røpa han Peder på Dalebø, der dei fann ein slik setel på loftsrommet hans.
På den tida var 20-åringen Peder på reise, og vart arrestert 9.9. 1802 medan han dreiv målararbeid i Hjelvika i Romsdal. Han vart lagt i jern og ført til futefengslet ved Molde. I avhøyret tvilte sorenskrivar Grindberg på om denne bygdeguten var i stand til dette, og Peder vart sett på prøve. I fengselet fekk han penn, blekk og folieark, med ordre om å skrive: Jeg mistænkes for å ha skrevet banco sedler. Noko Peder gjorde, med tre forbløffande gode skrifttypar, og signerte med namn og dato så å seie sin eigen dødsdom. (Papiret finst i Statsarkivet i København, sjå ill.)

 

Dødsdom

I mellomtida var det kome inn 38 setlar. Rettssaka på Fyllingen i Borgund vart avslutta 20.12. 1802, og enda med dødsdom. 7.3. 1803 var dommen stadfesta i Bergens stiftsoverrett. Peder anka til Højesteret i København, som allereie 23. mai kom til same resultat. Vi veit ikkje om Peder sjølv sende nådesøknad til kongen, men vi har svaret derifrå 5.8. 1803: "hvorved den medfulgte Højesterets dom over Peder Dalebø formildes til fengsel eller rettere arbeide i Bergens Tugthus på kongens nåde."
Her forsvinn Peder ut av kjeldene. Sat han i tukthus på livstid? I heimbygda Dale går det gjetord om at han vart sett fri etter nokre år, og drog til Amerika. Ikkje berre forfalska han sin eigen skipsbillett, han tok opp billettfalsk som leveveg - men om det er noko i dette, er uvisst.

Opplysningar (med kjelder) frå:
Furseth, Astor: Vargtid og andre historier frå fortida, Universitetsforlaget, Oslo, 1995.

 

Share to