• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kraftverk og meieribruk i Jølster

I Hyllestad har det vore kvernsteinsproduksjon sidan jernalderen, stein som vart frakta utanlands enten som salsvare eller byttemiddel. Vassdrivne sager og kverner var i bruk her til lands til etter 2. verdskrig, og spesielt dei mange kvernhusa var flittig brukte under krigen.

Vatn til el-produksjon
Rundt 1840 vart vasskrafta her til lands teken i bruk til produksjon av elektrisk kraft. I Sogn og Fjordane kom det første kraftverket i 1893, og Loen var staden der den nye krafta for første gong dukka opp her i fylket.
I Jølster kom dei første kraftverka først i 1916, og då på Helgheim, Ålhus og Skei. Det tok altså heile 23 år frå det første kraftverket i Loen var på plass til Jølstringane fann det for godt å satse på elektrisk kraft. Litt merkeleg kanskje, når ein veit kor mange elvar og fall det finst rundt om i kommunen. Men når krafta først kom, så hadde det nøye samanheng med ei stor industrietablering på denne tida, nemleg alle meieria som vart bygde. I alt vart det bygd 26 kraftverk fram mot 2. verdskrig, omtrent like mange som det vart bygd meieri. Alle desse meieria skulle ha straum, og såleis låg alle meieria tett ved eit kraftverk, eller omvendt.
Turbinane til desse første kraftverka vart stort sett leverte lokalt. Enten frå Rasmus L. Bjørnereim på Byrkjelo eller frå Lølandskarane i Leirvik i Sogn.

Nye tider
Like etter 2. verdskrig starta arbeidet med å organisere og rasjonalisere kraftproduksjon og forsyning. Kraftproduksjonen i Jølster vart organisert i 2 selskap. L/L Driva kraftlag i Stardalen i 1947 og L/L Jølster kraftlag i 1950. Dei to selskapa fusjonerte i 1960 og gjekk i 1985 inn i Sunnfjord E-verk saman med e-verka i Førde og Naustdal.
Alle dei 26 små kraftverka forsvann i tur og orden og vart erstatta av Stakaldefossen kraftverk i 1954 og seinare Fossheim kraftverk i 1995 og Kjøsnesfjorden kraftverk i 2010.
Kraftverket på Fossheim vart starten på ein ny boom av småkraftutbyggingar i Jølster. Elvane låg der som dei alltid har gjort og ny teknologi gjorde det no lønsamt å bygge ut små og store elvar og bekkar rundt om i bygda.
Det første private småkraftverket kom på Sægrov, seinare to i Stardalen. Sidan har det gått slag i slag med utbyggingar på begge sider av vatnet. Det finst vel i dag knapt ei elv eller bekk att i Jølster som ikkje enten har eit kraftverk eller planar om eitt. Dei mange kraftstasjonsbygningane er stort sett bygde slik at dei skal gli mest mogeleg inn i landskap og tradisjonelt bygningsmiljø. Såleis er det ikkje uvanleg å sjå kraftstasjonar med ukanta kledning og torvtak.


Dei første meieria
Soga til meieribruket er ikkje så veldig lang, korkje i Jølster eller resten av fylket, og det første meieriet såg dagens lys i Sogn i 1874. Femten år seinare dukka det første meieriet i Jølster opp, nærare bestemt i Stardalen, i kjellaren til Thor veiteberg. Veiteberg var den første ordføraren i Jølster, men han fekk ikkje heilt til dette med å drive meieri, og verksemda stogga etter kort tid. Seinare vart det skipa meieri på Åmot, og Lyngstadfossen meieri, som var eit slags framhald av meieriet på Veiteberg kom i gang i 1902.
Etter kvart vart det etablert 24 meieri i Jølster fram mot 1910 då toppen i tal meieri var nådd. Betre vegar og det at bilen gjorde sitt inntog i bygda frå 1912, gjorde at mjølka kunne transporterast lenger, og talet på meieri vart fort redusert. I 1918 var det att berre ti meieri i bygda, nemleg Eikås, Vassenden, Øvrebø, Årdal, Helgheim, Grungen, Lyngstad, Åmot, Sunde, Sandal og Myklebust. Det største av desse meieria i 1918 var Grungen, det minste var Sandal. I Sandalen handterte dei rundt 30 000 liter mjølk årleg, medan Grungen kunne ta seg av over 360 000 lite. I det som tidlegare har vore skrive om meierisoga i fylket, heiter det at det var stor meieriproduksjon i Jølster og Førde på den tida. Likevel hadde det største og det minste meieriet i Jølster eit mjølkemottak som samanlagt tilsvarar mykje mindre enn det som kjem ut av ein einaste fjøs i dag. Såleis har det skjedd enorme endringar i mjølkeproduksjonen, og i dag er Det Gloppen som er den store mjølkeprodusenten av nabokommunane våre.

Smørproduksjon
Hovudproduksjonen til alle meieria i Jølster var smør, men somme hadde også ysteri. Smøret vart for det meste selt til Oslo og Bergen, men noko fór også heilt til England. Osten, som til ei viss grad var geitost, vart også levert til Bergen, i tillegg til sal gjennom lokale landhandlarar. For å få produkta ut i marknaden måtte dei leverast på kai enten i Førde eller på Sandane, og transporten gjekk med hest og kjerre. Vegen gjennom Våtedalen var ferdig i 1889, same året som meiribruket såg dagens lys i Jølster. Dermed slapp dei smørtransport på den gamle Trondhjemske Postvei gjennom Paulen, Førs og over Breimsvatnet. Men det var heller ikkje berre, berre å ferdast gjennom Våtedalen vinterstid med snøfok og ras, noko som stadig sette folk og dyr på prøve.
Ein gong gjekk det gale og ein køyrekar kvelva ved passering av ei snøfonn. Smørdunken gjekk sund og smøret var nok ikkje heilt reint då det vart levert. Det kom sjølvsagt klage på smøret og meieristyraren fekk følgjande klare melding: «De maa endelig se til at faa Deres meierske avskjediget»



Meieri med langt liv
Det lengstlevande meieriet i Jølster er utan konkurranse Vassenden Meieri. Med ei levetid på 79 år, frå 1897 til 1976, har dette meieriet ein spesiell plass i meierisoga i Jølster. Ikkje berre grunna lang levetid, men at det heldt det gåande så lenge trass i at sterke krefter arbeidde for å få det avvikla i samband med den store meierisamanlåinga som starta i 1938 og som vart avslutta med opninga av det nye meieriet på Ålhus i 1950.
Vassenden Meieri vart skipa i 1897 som eit lutlag med 28 eigarar i starten. Det var 190 lutar pålydande ti kroner, og eigarane hadde frå tre til tretten lutar kvar. Startkapitalen var meint å finansiere bygning og utstyr, men det synte seg fort at pengane ikkje strakk til og meierieigarane måtte i banken for å hente meir.
I 1939 vedtok meieristyret på Vassenden å legge ned meieriet, men med atterhald om at det nye meieriet som var under planlegging, vart lagd på den mest økonomiske staden i bygda. Og stadvalet for det nye meieriet skapte sjølvsagt strid, som så mangt anna har gjort opp gjennom tidene. Denne striden såg dei nok føre seg også dei som i 1939 gjekk i spissen for det nye stormeieriet, og det vart overlate til ei utanbygds nemnd å bestemme plasseringa av den nye storsatsinga. Nemnda fekk tre alternativ å velje mellom; Årdalen, Ålhus og Vassenden og dei valde Ålhus. Dette likte ikkje eigarane av meieriet på Vassenden og i 1941 klarte dei å på eit sammøte mellom styre og råd i det nye meieriet å stemme ned utbyggingsplanane på Ålhus. Dei som stemde mot utbygginga på Ålhus var ein del folk frå sørsida av vatnet i tillegg til utsendingane frå nedre del av bygda. I og med at utbygginga på Ålhus i første omgang var stoppa, meinte meierieigarane på Vassenden at grunnlaget for nedlegging ikkje lenger var til stades. Dermed sette dei i gang med modernisering og utviding og like før det nye meieriet opna på Ålhus i 1950, gav dei meieria på Sørsida tilbod om å slutte seg til Vassenden meieri. Vassenden meieri fekk, i sin tur, tilbod om å slå seg saman med Jølster meieri på Ålhus. Dette takka dei nei til og dermed vart dei to meieria verande konkurrentar til begge gjekk inn i ei større interkommunal meierieining. Dette skjedde for Jølster meieri sin del i 1970, og for Vassenden meieri i 1976. Meieriet på Vassenden vart lagt ned i 1976 medan meieriet på Ålhus heldt det gåande til 1988. Frå 1976 var det altså slutt med konkurrerande parallelle mjølkeruter i Jølster, noko som var spesielt godt synleg på Sørsida.


Meieria måtte ha straum
I førstninga var meieria drivne med vasskraft, og produksjonen var stort sett smør. Smørkinnene vart altså drivne med vasskraft og dei meiria som produserte ost, fyrte under ystepannene med ved. Etter kvart gjekk dei over til dampmaskiner til drift, og til slutt «den nye krafta» elektrisitet. Det er såleis ein grunn til at meieria alltid låg ved ei elv. Etter kvart som dei mange små kraftverka kom på plass frå 1916 og utover, vart desse stort sett plasserte der det var meieri, eller meieri vart bygde der det fanst kraftverk. På det meste var det 26 kraftverk i Jølster i tida mellom 1916 og 1948. Kraftverka var små og effekten varierte frå 0.5 til 150 Kw. Noko linjenett eksisterte ikkje i førstninga, det kom først frå slutten av førtiåra og utover. Såleis var det dei som budde nær kraftverket som kunne få straum til eit par lyspærer.


Nye tider
Då krigen slutta i 1945, hadde det bygt seg opp eit stort kraftbehov og utbygginga av kraftverk og linjenett hadde stort sett stått i stampe i krigsåra. Dei små kraftverka var for små til å stette trongen for kraft i bygda og det vart fort klart at Jølstringane måtte inn på eit større forsyningsnett. Dermed vart det først sett i gang med bygging av kraflinje gjennom Stardalen til Grungen. Dette skjedde etter at stardølingane hadde gitt opp planane om å bygge kraftverk i elva Driva på Høyset. Stardølingane hadde skipa Driva kraftlag under krigen, og hadde også fått tak i både turbin og røyrgate. Men P. Aug. Hysing i fylket si elektrisitetsforsyning måtte fortelje stardølingane at utstyret dessverre ikkje kunne brukast. Den same Hysing skreiv også til fylkesmann Schei at han meinte mange av kraftutbyggarane rundt om i fylket var splitter galne. Han viste til at utålmodige kraftutbyggarar ville ha han til å bestille utstyr før formalitetar som finansiering var ordna.
I 1946 var det 2009 kraftverk i heile landet, og 1463 av desse hadde ei yting på under 100 kw, altså det som etter dagens definisjon blir rekna som mikrokraftverk.
Krafta utanfrå kom i starten frå Firdakraft sitt nett i Gloppen. Seinare, etter at Jølster kraftlag vart skipa i 1949, vart det sett i gang med bygging av kraftliner på begge sider av Jølstravatnet og linjenettet frå Gloppen vart forlenga til Førde og Svultingen sit nett der. I 1957 kom det kraftlinje også til Kjøsnesfjorden og dermed var heile bygda elektrisifisert.

Ut med småkraftverka
Etter kvart som linjenettet kom på plass med meir stabil straumforsyning, vart dei små elvekraftverka nedlagde i tur og orden. Kraftverka hadde naturleg nok minst produksjon den tida det var mest bruk for straum, nemleg om vinteren og dei var i det heile ikkje rusta til å møte nye tider med nye krav til leveranse og stabilitet.
Men det skulle ikkje gå stort meir enn ein mannsalder før elvane i Jølster på nytt vart attraktive som kraftkjelder. Frå å vere ein kommune nesten utan kraftproduksjon skulle Jølster på kort tid bli ein tung kraftkommune. Fram til 1995 var det berre kraftverket i Stakaldefossen, på grensa mellom Førde og Jølster, som var i drift. Dette vart opna i 1954 og har Jølstravatnet som reguleringsmagasin med ei reguleringshøgde på 1.25 meter. I førti år etterpå vart det ikkje bygt ut ein einaste kilowatt i Jølster, ikkje før nokre grunneigarar på Fossheim tok til å sysle med planar om å bygge ut Fossheimselva. Dei fekk med Sunnfjord Energi og i 1995 sto kraftverket ferdig med kraftstasjon og tilførsel av vatn i fjell.


Historia tek seg opp att
Dette vart starten på ei storstila kraftutbygging i Jølster, ei utbygging der det kom tilbake kraftverk i mange av dei same elvane som hadde hatt kraftverk tidlegare. Først ut av små kraftverk var Grovane kraftverk på slutten av nittitalet. Få år seinare, i 2001, kom Veiteberg kraftverk i drift og to år etter kraftverket på Befring. Etter det gjekk det slag i slag med utbyggingar i Sandalen, Årdalen, Dvergsdalen, Gjesdal, og Myklebust. Rundt heile bygda kom kraftverka som perler på ei snor.
Men den verkeleg store kraftutbygginga skulle komme i Kjøsnesfjorden. Etter mange års kamp om å få bygge ut fallet mellom Trollevatnet og Jølstravatnet, vart det sett i gang bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i 2007, eit magasinkraftverk med middelproduksjon på nærare 250 Gwh. Kraftverket var omstridd sidan det ligg inntil Jostedalsbreen Nasjonalpark, og det var til slutt Stortinget som gav løyve til utbygging, etter først å ha justert grensene til nasjonalparken.

Ringen er slutta
Meieria i Jølster er vekke, truleg for godt, men kraftverka er tilbake. Elvane som hadde kraftverk på første halvdel av 1900-talet, har fått dei tilbake, og andre er komne til. I Elva Jølstra, som fekk det første, moderne kraftverket, er det no ny utbygging på gang. Skulle det bli full utbygging av heile fallet frå Vassenden til Movatnet, snakkar vi om eit kraftverk på storleik med Kjøsnesfjorden. Men sjølv med ei mindre utbygging og med alle dei andre kraftverka, både dei som er bygde og dei som er under planlegging, vil Jølster om få år ha ein kraftproduksjon på over 1000 Gwh. Dermed er kommunen på få år blitt ein tungvektar på energiproduksjon. Dette vil truleg gje gode inntekter til utbyggarane, og i mange høve sikre busetnad i utkantar, og sikre at fleire gardsbruk blir haldne i drift. Men ei sak har som kjent fleire sider, og det er ikkje til å stikke under ein stol at fleire av desse utbyggingane har skapt strid og rettssaker om fallrettar. Naturverninteressene er sjølvsagt heller ikkje like nøgde med alt som skjer på kraftfronten. Eit anna problem for auka kraftutbygging har vore mangel på linjekapasitet. Mange kraftverksplanar har såleis blitt liggande i skuffa i påvente av meir kraftlinjer. Med den nye, store overføringslina mellom Fardal og Ørskog vil dette truleg rette seg. Men mange vil nok håpe at det også i framtida vil bli rennande elvar og kvite fossar å sjå i Jølster, sjølv om ein del av Nikolai Astrup sine motiv er vekke, eller i alle fall endra på.



 

Share to