• Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Os stasjon

Røyk og larm

Det nye stasjonsbygget var bygt like utanfor Osørens hotel. Rett ved hotellet låg dreieskiva for lokomotiva og kolbingen der dei bunkra kol. Dette førte til den første «forureiningssaka» i Os: hotelleigaren klaga på sterk sjenanse med røyk og larm frå stasjonen, og fekk rettens medhald.

Stasjonen enno del av Os sentrum

Dreieskiva ligg i dag under asfalten, men resten av stasjonsområdet, med stasjonsbygningen, vognhallen og vognverkstaden ligg uendra. Vognhallen, som vart bygd i ein open jernsøylekonstruksjon, vart skøytt på og gjort lengre nokre år etter at stasjonen var opna.

Samferdslerevolusjon

Osbanen revolusjonerte samferdsla i Bjørnefjordsbygdene. Brått var byen berre nokre timar unna, og overgangen her frå sjø til land høyrer til eit av dei store kapittel i norsk samferdselshistorie.

Share to