• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Med sykkel på Rallarvegen

Noreg sin desidert mest profilerte og populære sykkelsti.

Rallarvegen, over Hardangervidda, går langs Bergensbana frå Haugastøl via Finse, Hallingskeid, Myrdal og ned til Flåm. Du kan også sykla til Voss. Vegen, som i seg sjølv er ein attraksjon, tek deg gjennom eit fantastisk høgfjellsområde frå 1 000 meter over havet opp til 1 300 meters høgde, og ned til havnivået att.

Rallarvegen vart opna som sykkelveg i 1974, men det var fyrst då terrengsykling vart populært på slutten av 80-talet at trafikken tok seg opp. No syklar om lag 20 000 syklistar frå Noreg og andre land Rallarvegen kvart år.

Anbefalt sykkeltid med innlagte pauser er:
Haugastøl – Finse 4 timer (27 km)
Finse - Haugastøl 3 timer (27 km)
Finse – Fagernut 1 time (10 km)
Finse – Hallingskeid 3 timer (21 km)
Hallingskeid - Flåm 4 timar (32 km)
Finse – Myrdal 5 timer (38 km)
Finse – Flåm 7 timer (53 km)

KART:
• Rallarvegen 1:50 000, Nordeca

KOMMUNIKASJON:
• Tog til Haugastøl/Finse/Hallingskeid, www.nsb.no
• Flåmsbana, http://www.visitflam.no/flaamsbana/

VITE MEIR?
• Boka «Rallarvegen», Tron Bach og Johannes Gerdåker, Cappelen fakta.
• Heftet «Sykkelguide for Nordsjøruta og Rallarvegen», Stiftelsen Sykkelturisme i Norge

SYKKELUTLEIGE:
• Finse 1222, tlf. 56 52 71 00
Internett: www.finse1222.no

• Haugastøl turistsenter, tlf. 95 27 04 66
Internett: www.rallarvegen.com

OVERNATTING:
Haugastøl: Haugastøl turistsenter, http://www.rallarvegen.com/
Finse: Finse 1222 og Finsehytta, http://www.finse1222.no/og http://www.turistforeningen.no/finsehytta/
Hallingskeid: Hallingskeid turisthytte, www.bergen-turlag.no
Vatnahalsen: Vatnahalsen høyfjellshotell, http://vatnahalsen.no/
Flåm: Fleire moglegheiter, http://www.visitflam.no/overnatting/

Telting
I tillegg til desse overnattingsstadane er det mange gode høve for telting langs Rallarvegen.
OBS! • Det er innført teltforbod på to strekningar av Rallarvegen mellom Haugastøl og Tunga. Strekningane er på til saman 7 km og er merka. Teltforbodet er innført mellom anna av omsyn til hytteeigarane i området.

MATBUTIKKAR:
• Enkle butikkar på Haugastøl og Finse. Gode høve i Flåm.

VEGSTANDARD, TERRENG, TRAFIKK:
• Sjølve Rallarvegen er bilfri grusveg. Delar av vegen har grovt underlag der terrengsykkel er ein fordel, men mesteparten av vegen er av god grusvegstandard. Mest nedover, elles småkupert. Flåmsdalen har asfaltert veg som er open for vanleg biltrafikk, noko ein må ta omsyn til på veg nedover dalen.

SESONG:
• Midt i juli til slutten av september. Normalt vil det også vera råd å sykla delar av strekninga før midten av juli.


BARN PÅ TUR?
• Ein fin familietur, anten barna syklar på eigen sykkel eller dei sit i barnesete/barnetilhengjar. Mykje nedoverbakke gjer vegen lettsykla, og biltrafikk er ein nesten ikkje-eksisterande fare. Ta dykk god tid nedover dei brattaste bakkene. Avslutt gjerne turen i Flåm og ta toget tilbake.

Hugs når du pakkar på sykkelen
Bruk sykkelvesker, ikkje ryggsekk. Fest alt godt, unngå at noko kjem inn i eikene. Pakk vasstett.

For at du skal få den beste opplevinga på sykkelturen din langs Rallarvegen, gir me her nokre tips for turen:
• Bruk hjelm, stor som liten
• Gode sko, gjerne vasstette; tidleg i sesongen må ein ofte trille sykkelen i snøfonner.
• Hue og hanskar bør alltid vera med, vêret i fjellet skiftar fort.
• Vindtett/vasstett jakke og eventuelt bukse, ingenting er verre enn å verta våt og kald på tur.
• Pakk bytekleda slik at dei er tørre når du kjem fram!
• Bremseklossar vert lett utslitte på turen.
• Lappesaker og eventuelt ekstra slange – det er keisamt om ein må trille sykkelen heile vegen.

• Besøk Rallarmuseet på Finse.
Internett: www.rallarmuseet.no

• Helgene i august og september er veldig populære. Vil du ha ein tur utan altfor mange andre syklistar, reis midt i veka.

• Skal du overnatta i Flåm, ver tidleg ute med å tinga plass. Plass til sykkelen på toget må du også hugse å tinga i tide.

• Sykkellykt kan vera smart, sjølv midt på lysaste sommaren – du syklar nemleg gjennom eit par tunnelar som det kan vera greitt å sjå litt i.

OBS!
Heilt til slutt: Ta med deg alt søppel og nytt toaletta ved stasjonar og serveringsstader, så andre som kjem etter deg kan få same gleda av turen.
 

Share to