• Photo: ukjent, utlånt av Helge Sunde. (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Salhus

Siste stopp før Bergen

Staden ligg høveleg til ved leia til og frå Bergen. For reisande med båt frå Sogn og Nordhordland er Salhus siste stopp før Bergen. Reisande frå Vossebygdene kom også denne vegen tidlegare når dei skulle til Bergen.

Å sitja i Salhus

Første gong skriftlege kjelder nemner Salhus som gjestgjevarstad, er i byrjinga av 1700-talet. På tinget i Arne skipreide spurde futen om det var «noget Kræmmer eller Borgersæde i Skibredet». Svaret var nei, men det vart likevel drive litt utskjenking ved det gamle gjestgjeveriet, til dei mange reisande. «Å sitja i Salhus» var eit munnhell for dei som kom frå Osterfjorden og Voss. Fjorden var ikkje lett å passera når vinden stod imot.

Industrisamfunn

I 1840 busette fargar Hans Fossmark seg i Salhus og dreiv ei fargeriverksemd som etter kvart vart ganske omfattande. Det var likevel først frå 1859, etter at Salhus Tricotagefabrik var starta opp, at staden tok til å veksa. Fabrikken var ein av dei aller første trikotasjefabrikkane som vart skipa i Noreg. Alt i 1860 stod den første arbeidarbustaden ferdig og i 1865 den neste. Samstundes vart fabrikken påbygd. Skulehus vart bygt i 1878 og Salhus utvikla seg no til eit industrisamfunn med tekstilindustrien som det berande elementet.

 

Share to