Felebygda Bø

I Seljord va eg bonde og spelemann. Ligg gravlagt ved Landstad si kjørkje, men det var i Bøherad eg kom på sokkel.


Du kom kanskje med Sørlandsbanen forbi Nordagutu i dag? Da såg du nok Møllarguten, han som spela med med Ole Bull og trollbatt elle med spelet sitt. Det var den arven eg bar vidare, med Halvor Flatland som læremester. Bøherad er full av spelemenn. Tri felur i kommunevåpnet e ikkje ferr lite. Snur du deg og ser over jønnbanelinna, skimtar du Borgjagarden. Der møttes dom beste spelemennene, og Borgjakarene var sjave i fremste rekkje. Måtte te slutt gå frå gard og gronn. Eg var heldig. Levde av gardene mine, men ferr musikken.


Mange meiner eg eg va den beste i mi tid. Hadde det i meg. Lærte av andre. Tonane var røsta mi. Foreldrelaus da eg var 9. Voks opp hjå andre. Fela var drivkrafta som løfte meg opp og bar meg fram.
Sjå vestover. Der ligg kjørkjune på Bøhaugen. Gamlekjørkja e den eldste bygningen i bygda, frå ølløvhondretalet. Mange ville rive ho, men så gæle gjekk det ikkje. Den nye sto fælig året før eg blei i døpt, i 1876. Like nede i bakken låg Grauteknappskulen der eg lærte å lesa. Seinare skulle tonane frå Kristiane Lund, Bøherads feledronning, strøyme ut frå denne plassen.
Bygda e ikkje te å kjenne att nå. Nesten elt har endra seg, på godt og vondt.


Bø stasjon som kong Håkon åpna i 1924 skapte nytt liv og røre. Trafikken auka, butikkane grodde fram, skulane kom med realskule, landsgymnas og høgskule.
Bondekulturen e nok på vikande front, men unge og lovande felespelarar har tikje opp arven etter meg. Kappleikar finst framleis, ja den gjevaste kellast Telemarkfestivalen, og foregjeng i juli. Da e det gårrmoro å stå her, ferrr da kjem det musikkarar og kvedarar frå elle himmelstrok te felebygda. Å ekstra moro va det da Bø blei årets kulturkommune ferr et par år sea. Så arven etter meg e ikkje heilt borte. Så de e mykje å gle seg over her eg stend meisla i stein av sjavaste Dyre Vaa, midt i rundkjøringa. Ja, ein kan bli svimrug av mindre.

Mykkje har endra seg, men løfter du blikket, så ser du Lifjell med sine nutar og nattar som ryggstøet bygda lenar seg mot. Stulsdrifta e borte, og Svettelia e attgrodd, men fisken vaker i tjønnene og møltuene lyser gule på myrane som før.

Kanskje vi her di skaparevne frå utrykk slik som da Torleiv Stavskleiv måla sine bilde og eg laga springaren Jårånnatten som du her ska få høre.

 

Share to