Utvandring til Amerika i 1850-åra

Dei tok på seg dei finaste reisekleda dei hadde!

Historia er henta frå Telemark to Amerika, Volume I - emigration av Telelag of America. Pastor Ole Paulson fortel i sjølvbiografien sin om reisa si til Amerika i 1850.

Eit par dagar seinare , kom resten av innvandrarane, som hadde vore med på reisa over havet. Dei fleste var landsens folk frå Telemark, spesielt Seljord og Bø området. Bare nokre få kom så langt oppe frå som Rauland og Vinje.


Me var ganske overraska over utsjånaden på desse menneskja, telemarksbønder. Det var spesielt desse frå nedre Telemark, som me blei mest forbausa over. Alle mennene var heilt likt kledd, omtrent som uniformerte soldatar. Alle hadde svarte knebukser med sølvknappar ved knea. Dei hadde lange, kvite strømper med brodera roser ved okla; låge, kunstnarisk sydde sko. Så hadde dei ei særeigen, stygg, kvit jakke, dekorera med raudt og blått, ein tilsvarande vest dekorert på same måte med sølvknappar og brodert på ein kunstnarleg måte med raudt og blått og ei luve, som likna mykje på den som jernbanefunksjonerar har her i Amerika, med den forskjellen at det hang ein dusk frå toppen av luva og ned over høgre øyre.


Kvinnene var spesielt smaklaust kledd. Alle hadde eit tjukt, svart og tungt skjørt som gjekk heilt opp under armane. Rundt livet hadde dei eit langt ullskjerf som var surra fleire gonger rundt livet. Dei hadde ei kort jakke av tungt materiale. Strømpene var lange med brodera roser ved okla. Hovudplagget likna på eit tørkle eller eit handkle.


Dei blei lagt merke til og latterleggjort av andre menneskje. Det blei snart anbefalt å legge att desse kleda heime og bare ta med så mykje klede dei trong på reisa.
 

Share to