• Photo: WIKIPEDIA, Bjørn Christian Tørrissen (Opphavsrett)

Sumarfuglar

Du kan sjå fleire typar sumarfuglar langs Rallarvegen.

Fjellbloddråpesvermar

Bloddråpesvermarane er dagflygande insekt. I Noreg finst det seks artar i denne familien, mens det totalt i heile verda er om lag 1 000 artar. På fjellet finst berre fjellbloddråpesvermaren, som elles er utbreidd i dei fleste fjellområde i Europa. Han har fått namnet sitt frå dei raude flekkane på vengene, som er eit signal til fuglar om at han smakar vondt. Bloddråpesvermarane bruker nemlig blåsyre som forsvar. Skulle ein fugl prøva å eta ein bloddråpesvermar, vil han raskt kjenna den vonde smaken og spytta han ut. Sidan bloddråpesvermaren er kraftig bygd, klarar han ofte å overleva eit slikt angrep. Den sterke raude fargen er difor ei påminning til fiendane om at det ikkje er lurt å prøva seg. Insekt som signaliserer at dei er giftige og usmaklege med sterke fargar kallar vi for aposematiske.

Flygetida er berre eit par veker i juli og august. Larvane lever på vierarten musøyre.


Fjellringvengje

Med si vinglete flukt er dette ein av dei mest karakteristiske sommarfuglane i fjellet. Han finst i fjellområde i heile Noreg og flyg aktivt juni til august. Flygetida er avhengig av snøsmeltinga. Larven lever på svingel og rapp.


Purpurgullvengje

Purpurgullvengja sine djupraude framvenger med fiolett skjær gjer han til ein av dei finaste sommarfuglane ein kan finna langs Rallarvegen. Han er veldig lokal, men i området rundt Finse er det mogeleg å sjå han flyge i juli og august. Larven lever på syre.
 

Share to