• Photo: Anders B. Wilse 1915, Norsk Jernbanemuseums samling (Opphavsrett)

Skeisehallen på Finse

Visste du at frå Finse går det spor direkte til Hollywood? Det er korkje jernbane- eller skispor, men skeisespora til Sonja Henie.

Under stjernene innomhus
Finse er for mange synonymt med friluftsliv, sommar som vinter, men her kunne ein tidlegare og dyrke skeiseløp innomhus i 60 år. Skeisehallen vart bygt av hotelleigarane Alice Fangen og Andreas Klem i 1913, eit 1 036 kvadratmeter stort bygg utan søyler med 200 lyspærer i taket. Med det hadde hotellet eit innomhus tilbod med naturleg is store deler av året. Den fyrste kjende idrettsutøvaren som trena her var Oscar Mathiesen, som øvde før han i 1916 drog til USA for å konkurrera i kortbaneløp med fellesstart, – og vann! Seinare kom den norske olympiatroppen i kunstløp for å trena her før olympiaden i Antwerpen i 1920. Den gongen var innandørs kunstløp ein del av programmet i sommarolympiaden, og det vart medaljar på fleire av dei norske deltakarane. Den mest kjende skeiseløparen som trena her, var Sonja Henie. Ho trena her seks veker i strekk før olympiaden i 1928. Far hennar sto for musikken, anten på trekkspel eller grammofon. Folk frå bygdene kom hit for å sjå framsyningane hennar, noko ho sette stor pris på.

Curlingen si vogge i Noreg?
Kan hende var det den britiskfødde kvinnelege eigaren Alice Fangen som innførte curling i skeisehallen? I alle fall spelte ein curling her så tidleg som i 1916. Filmopptak av curling utan kosting kan du sjå om du går inn på Rallarmuseet på andre sida av sporet. Skeisehallen var eit godt tilbod til hotellgjestane på dagar med dårleg vêr, då opphald ute var umogeleg og trongen til å oppretthalda eit sporty sjølvbilete var til stades. For dei fastbuande ungane var skeisehallen ein super leikeplass store delar av året. Skeisehallen vart råka av ei alliert bombe i 1940 og skadane gjorde at den diverre vart riven i 1973.
 

Share to