• Photo: Trond Eiliv Linge (Opphavsrett)
  • Photo: Trond Eiliv Linge (Opphavsrett)
  • Photo: Trond Eiliv Linge (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Rongelofthillaren i Øygarden – eit gløtt inn i Hordaland si tidlegaste jordbrukssoge

Eit sjeldant innblikk i førhistoria

På stadar som var busett for fleire tusen år sidan kan vi normalt ikkje vente å finne restar av organisk materiale. Kva dei levde av, må ein difor ofte slutte ut frå kva slags jakt- og innhaustingsreiskapar ein finn. Men ein sjeldan gong ein kjem over buplassar som i Rognelofthillaren, der bevaringstilhøva er så gode at ein får heilt uvanleg gode kjelder til livberginga i førhistoria.

Gode bevaringstilhøve

Dei gode tilhøva for bevaring skuldast kombinasjonen av tørt jordsmonn under hellaren, og den sjølvbevarande effekten ein får når mykje kalkhaldig bein vert samla på ein stad. Slik får vi her eit nokså sjeldan innblikk i det som nok var meir vanleg enn det buplassane som oftast viser oss; nemleg reiskapar laga av bein. Frå Rongelofthillaren er det så langt funne eit fragment av ein fiskekrok og ein heil spiss, sistnemnte truleg nytta i ein lystergaffel til lysterfiske på grunt vatn.

Skada av moderne inngrep

Diverre er buplassen sterkt skada. Vanlegvis vil ein ta sikte på å bevare førhistoriske buplassar. Så rike kulturhistoriske kjelder er viktige å ta vare på for seinare generasjonar. I dette tilfellet var skadeomfanget av ein slik karakter at kjeldeverdien stod i fare for å gå tapt. Buplassen vart difor utgrave av Bergen Museum våren 2010. Slik vil vi etter kvart få eit rikare og meir detaljert bilete av buplassen og funna der. Men allereie no ser vi at buplassen kan gje verdfull og ny informasjon kring den eldste jordbrukssoga på Vestlandet.

Rikt skjell- og beinmateriale

Det rike skjell- og beinmaterialet er ikkje analysert enno. Etter kvart vil nok dette verte gjenstand for gransking av Bergen museum. Osteologen, museet sin beinekspert, kan mellom anna finne ut kva artar beina kjem frå, om dei er frå tamme eller ville dyr, kor gamle dyra har vore da dei vart drepne osb. Det er likevel lett å sjå at fisk og skjell har stått på menyen, naturleg nok så nær inntil område med rike marine ressursar. Meir overraskande for oss i dag er det nok at strandsniglar ser ut til å ha vore sanka i stort mon. Slik tenkjer ein vel knappast på som menneskeføde på våre kystar i dag.

Ein arkeologisk godbit

Det vi likevel verkeleg håpar er at ein etterkvart finn ut av om det er bein frå tamme husdyr i materialet. Så langt er det funn som set buplassen i samanheng med dette avgjerande hamskiftet i kultursoga vår. På buplassen låg også det som må karakteriserast som ein arkeologisk godbit, ei tjukknakka flintøks. Slike økser er kjent frå andre stadar, men er da i bruk av bønder frå Sør-Skandinavia for vel 4500 år sidan. Når arkeologar ein sjeldan gong finn dei på våre kantar, reknar vi dei gjerne som importerte prestisjegjenstandar, gåver eller varer frå ei befolkning som dreiv med jordbruk og heldt tame dyr. Øksa er truleg frå den fasa av førhistoria da det ser ut til at jordbruksnæringane kjem inn.

Det er brytinga mellom eit jakt-, fiske- og sankingsbasert samfunn og jordbruket som er interessant; overgongen frå ein livbergingsmåte som hadde eksistert på kysten vår i uminnelege tider til eit jordbrukande samfunn. Ei radiokarbonprøve frå trekol som låg innblanda i beindynga stadfestar at buplassen har vore busett for kring 4500 år sidan. Enkelte av beina får også ei samtidig datering. Det er sjeldan at slike økser dukkar opp i det heile. Vi kjenner til rundt 15 frå heile fylket, men desse er funne tilfeldig og utan kjent samanheng med anna materiale. Når ei øks ligg i samanheng med anna materiale på ein buplass, får ho ei heilt anna utsegnskraft. Særleg for dei som ønskjer å granske kva for sosiale, teknologiske og næringsmessige samanhengar ho inngjekk i.

Jordbruk tidleg i steinalderen?

Når vi drøftar det tidlegaste jordbruket vil det alltid vere ei rad meir eller mindre usikre faktorar, avhengig av kvaliteten på det kjeldematerialet ein har til rådvelde. At ein i fortida tek til å bruke reiskapar frå ein materiell kultur som er lik den jordbrukande kulturar lenger sør brukar, kan vere ein indikasjon på at ein tok opp jordbruk også her. Ein kan likevel ta i bruk nye gjenstandstypar utan at dette automatisk treng å bety djuptgripande endringar i levesett og livberging. Andre sterke indikasjonar er pollen frå korn eller beiteplanter som vert avleira i jordlag som kan daterast. Botanikarane leitar etter ei auke i pollen frå planter som normalt trivst der tamdyr beiter. Om det er mogleg å finne slike spor ved Rongelofthilleren står att å sjå. Meir direkte prov får ein når ein finn beinmateriale eller andre spor frå tamdyr.

Eit av dei eldste prova for tamdyrhald på Vestlandet er ekskrement frå sau, funne under ei utgraving på Kollsnes i Øygarden, og radiokarbondatert til å vere vel 4000 år gamalt. Denne er altså kring 500 år yngre enn den eldste busetnaden i Rongelofthillaren. Frå Ruskeneshellaren ved Nordåsvatnet i Bergen kommune er det funne bein av både sau og fe frå om lag same tida som funnet på Kollsnes. Rongelofthillaren har slik ei særstilling som mogleg kjelde for tidleg husdyrhald.

Rongelofthillaren er eit lite hellaroverheng med ei stor samling av bein som gir oss eit sjeldan breitt innblikk i steinalderkulturen. Alt no kan vi lese ut av beinmaterialet at ein har nytta dei rike fiskeplassane i området og sanka skjell og sniglar i fjøra og på grunnane. Andre delar av funna frå hellaren gir peik om at ei ny tid er i emning. Flintøksa viser kontakt med kulturar i Sør-Skandinavia der jordbruk og fehald for lengst er blitt ein del av livberginga. Med så gode tilhøve for bevaring av bein, er det god von om at ei nærare gransking av buplassen og materialet der kan gje eit av dei tidlegaste direkte prova på tamdyrhald i fylket.
 

Share to