• Photo: Glenn Thomas Nilsen
    (Copyright)
  • (Copyright)

Sokneprest Gunnerus og haugianarane

Soknepresten ville ha kontroll

Haugianarane i Hemne brukte å ha eigne samlingar utanom gudstenestene i kyrkja, der dei forkynte frå Bibelen. Men sokneprest Johan Ernst Gunnerus meinte han skulle få haugianarane under kyrkjeleg kontroll. Han byrja å halda gudstenester i begge kyrkjene i Hemne same dagen, i den eine kyrkja om føremiddagen, og i den andre om ettermiddagen. Dette gjorde han for at haugianarane ikkje skulle få påskot til å halda samlingar.

Haugianarane stod på sitt

Men etter ein månads tid kom det han for øyret at ein av dei leiande haugianarane, Daniel Strøm Lossius, likevel hadde halde samling ein sundag føremiddag. Presten vart rasande, og skreiv til Lossius at dersom han ville halda fram med slike samlingar, ”er De saa god at komme hen til mig, for at jeg kan faa anledning til at prøve Deres kristelige oppfattelse og indsigter” (Sødal 1968: 79).

Presten fekk kristenfolket imot seg

Gunnerus gav også klar beskjed om at haugianar-leiaren hadde å melda frå når han skulle halda samlingar, slik at presten fekk høve til å vera til stades og kontrollera han. På denne måten fekk Gunnerus store delar av kristenfolket i Hemne imot seg. Ei overstyring av ein slik art fall dei tungt for brystet. Etter at Konventikkelplakaten var oppheva i 1842 hadde presten heller ikkje løyve til slikt.

Strid om dåpsritualet

Det verste for haugianarane var likevel at dei meinte Gunnerus forfalska dåpsritualet. I fylgje altarboka skulle den tredje dåpsartikkelen lesast slik: ”Tror Du på den Helligånd, en hellig, kristelig kirke at være, som er hellige Menneskers Samfund, Syndernes Forladelse, Legemets Opstandelse og efter Døden det evige liv?”

Men Gunnerus las den tredje artikkelen slik: ” Tror Du på den Helligånd, den hellige, almindelige Kirke, de Helliges Samfund, Syndernes Forladelse, Kjødets Opstandelse og det evige Liv?”. Haugianarane meinte dette var vranglære.

Krangel ved døypefonten

Denne striden kunne få ganske krasse utslag, noko denne episoden viser:

Berit Sagen, kona til den kjende haugianaren Erik Sagen, ”skulle bera eit barn til dåpen. Ho stod på kyrkjegolvet med barnet, og presten las ritualet – slik han ville ha det. Så spør han: ”Vil du at barnet skal døpes på denne tro?” ”Nei”, seier ho Berit (…). Det blir stor røre mellom folk, og presten er sint og brukar harde ord. Men ho Berit snur og går ut av kyrkja med barnet.” (Sødal 1968: 79-80).

Gunnerus måtte reisa frå Hemne

Det heile enda med at Gunnerus måtte reisa frå Hemne i 1872, etter at det var sendt inn fleire klager på han.

Share to