• (Opphavsrett)
  • Photo: Thor Heggedal (Opphavsrett)
  • Photo: Thor Heggedal (Opphavsrett)

Den første nordiske Kristus?

Tidlegare kyrkjer i Volda

På same staden som kyrkja står i dag, har det tidlegare stått to kyrkjer. Den første var ei stavkyrkje, som truleg varr bygd på slutten av 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Seinare ombygd og påbygd fleire gonger.
Då det frå 1851 kom påbod om at ei soknekyrkje skulle røme 3/10 av alle som budde i soknet, vart stavkyrkja for liten. Volda valde då å rive denne og byggje heilt ny kyrkje. Det blei reist ei stor korskyrkje i tre, med offisielt 970 sitjeplassar. Ved vigslinga i 1858 var det over 3000 inne i kyrkja. Arkitekt var den kjende Christian Henrik Grosch.
I 1929 brann denne kyrkja, og etter dei første planane skulle det reisast ei ny kyrkje så lik den gamle som råd. Men etter ein intens aksjon i bygda, vart det vedtatt å reise ei meir moderne kyrkje, og den skulle byggjast i betong. Arnstein Arneberg vart hyrd som arkitekt, og alt 1. mai 1932 kunne kyrkja innviast.

Utsmykking av kyrkja

Arnstein Arneberg har sagt om seg sjølv at hans oppgåve som arkitekt var ”å skape mer fest, farver og glede over kirkerommet”. Dette fylgde han opp til fulle i den nye kyrkja i Volda. Arkitekten styrde sjølv utsmykkinga ned på detaljnivå. Men for korveggen overlet han ansvaret til Hugo Lous Mohr. Mohr hadde kort tid før budd fleire år i Volda, og han hadde vore ein viktig debattant når det galdt utforminga av ny kyrkje etter brannen. Han kjende derfor godt staden, folket og korleis den nye kyrkja skulle bli. Nå fekk han høve til å skape noko nytt og spektakulært på den store fondveggen i koret.
Mohr hadde i 1924 laga ei stor utsmykking al fresco i Johanneskirkens menighetshus i Bergen. I Volda fekk han nå utvikle denne teknikken vidare, i det praktfulle altarbildet som Sigurd Willoch i Dagbladet omtalte som ”en av de lykkelige konsepsjoner i moderne kirkekunst”. Illustrasjonen skulle gi eit godt inntrykk av arbeidet.

Den første nordiske Kristus?

Hugo Lous Mohr sitt kormaleri i Volda har mange trådar bakover til tradisjonell kyrkjekunst. Men den introduserer også noko nytt. Mellom anna det at den dominerande Kristus-figuren har klare nordiske trekk. Dette var eit klart brot med tradisjonen.
Kunsthistorikarar hevdar at det er første gong vi finn dette i nordisk kyrkjekunst. Rett nok fekk Henrik Sørensen eit utsmykkingsoppdrag i Linköping domkyrkje i Sverige nokolunde på same tid. Dominerande på denne altertavla er ein Kristus-figur som har klare likskapstrekk med Mohr sitt arbeid i Volda. Og Sørensen sin Kristus har også tydelege nordiske trekk. Folk som har sett begge kyrkjene, opplever likskapen som så slåande at dei meiner det må ha vore ein nær kontakt mellom dei to kunstnarane, eller at den eine må ha etterlikna den andre.
Kor nær kontakt det har vore mellom kunstnarane, kan ikkje dokumenterast. Men vi veit at Mohr sommaren 1930 sende det første utkastet til Volda, og at det endelege utkastet vart lagt fram for soknerådet i juni 1931. Maleriet blei avduka hausten 1932. Sørensen var første gong i kyrkja i Linköping utpå hausten 1931, og det endelege utkastet vart levert våren 1933.
Hugo Lous Mohr var nok den som først skapte ein nordisk Kristus i ei kyrkje. Men det er ingen grunn til å tru at Sørensen sin Kristus i Linköping er ei direkte etterlikning. Dei to kunstverka var nok heller parallelle, - ein ide var ”moden” hos fleire, kanskje fordi ”tida” var moden for ei slik nyskaping.
Uansett er voldingane glade i kunsten i si kyrkje. Og det same må vi vel tru om folket i Linköping.
 

Litteratur
Ragnar Ørstavik og Vebjørn Aarflot: Volda kyrkje 50 år. Volda 1982
Jostein Nerbøvik: Hugo Lous Mohr. I Voldaminne 2008. Volda 2008
Astrid Haug: Altertavla i Voldskyrkja og kunstneriske samanhengar. I Møre. 2007
 

 

Share to