• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Trolljuv bru

1000 mann i arbeid 

Men så kom andre verdskrig, og veglinja blei med eitt ein militærstrategisk viktig ferdselsveg. Tyskarane ville ha vegen ferdig fortast mogeleg, helst før sommaren 1941, og forserte anleggsarbeidet vesentleg. Men etter synfaring av dei steile fjellsidene langs fjorden innsåg dei at heile 1941 kom til å gå med. Store arbeidsstyrkar blei sett inn – over 1000 mann jobba på spreng for å kople vegen på dei eksisterande veganlegga inne i Hardanger. Alt arbeidet gjekk føre seg med handemakt – og fleire måtte bøte med livet i arbeidsulukker undervegs.

Og jula dette året stod endeleg den 2,4 mil lange vegen ferdig – om ein ser bort frå brua over det frykta Storajuvet, eller Trolljuvet som skaret også blei kalla. Det vanskelegaste partiet å forsere langs Åkrafjorden.

Trolljuv bru 

Den 66 meter lange hengebrua over det stupbratte juvet blei laga av betong og stål og den samla kostnaden for bygginga kom til slutt på 225 000 kroner. På kvar side er det tunnelar, og brua går faktisk inn i ein av dei. Bergensfirmaet Lau. Eide fekk arbeidet med betongstøypinga, kablane skulle produserast i Tyskland, medan mesteparten av ståldelane i brua blei laga ved Alfred Andersen mekaniske Verksted & Støberi A/S i Larvik.

Tysk frustrasjon 

Trolljuv bru skulle opphavleg stå ferdig samstundes med resten av vegen, men ei rekke mystiske uhell og utsettingar undervegs gjorde at den ikkje blei opna før langt inn i 1942. Materialar var forseinka, betongtårna blei støypte skeive og måtte rivast ned att, og mørtelprøver var forureina, for å nemne noko. Dette passa sjølvsagt svært dårleg for okkupasjonsmakta, som i denne tida ikkje fekk brukt vegen til sine militære føremål.

Tyskarane fann det etter kvart så lenge å vente på å få hengebrua ferdig at dei føreslo å bygge ei provisorisk bru lenger inne i juvet – gjerne med ein opptil 100 meter lang ekstra tunnel som vegtilknyting. Denne løysinga blei derimot fort vraka av dei norske ingeniørane, både fordi prosjektet blei funne for farleg og at det ville vere så tidkrevjande at det neppe kunne stå ferdig før Trolljuv bru var klar.

Så tyskarane måtte smøre seg med tolmod. Først 9. april 1942 opna brua og dei første bilane kunne trafikkere Åkrafjordvegen. Brua blei først døypt Storajuv bru, men Skånevik heradstyre vedtok under eit heradsmøte i 1942 å døype om brua til Trolljuv bru.

Share to