• Photo: Erik Kvalheim (Opphavsrett)
  • Photo: Axel Lindahl (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Rullestadjuvet

Rekande fant 

Då køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet over Haukeli og Røldal var under planlegging på midten av 1800-talet, var det meininga å leggje den ned i Rullestadjuvet og ut til Fjøre ved Åkrafjorden. Men mellom anna fordi Skånevik heradstyre ikkje ville ha vegen – den kom berre til å trekke med seg all mogeleg rekande fant – blei den i staden lagt ned til Odda. Men etterkvart auka trafikken langs vegane våre. Samstundes var det fleire og fleire som søkte til vårsildefisket og sommarfisket etter både makrell og sild i Åkrafjorden. Mange kom over fjella frå Hardanger på jakt etter hyre i båtane som låg på fjorden, og dei var med på å endre behovet for veg gjennom Rullestadjuvet. Den om lag 2 kilometer lange kløvvegen ned Rullestadjuvet stod ferdig i 1870 – årstalet er innrissa i fjellet to stader og det blei den siste ridevegen bygd for offentlege midlar i amtet.

Farleg å nytte 

Det synte seg ganske snart at vegen var livsfarleg å ferdast, og i 1877 blei den utbetra til kjerreveg. Standarden var nok likevel ikkje mykje å skryte av, for det offentlege sette opp skilt som fortalde at vegen var farleg å nytte med køyrereiskap. Nokon stader er vegen meir som ein brei stig enn ein køyreveg. Til trass for dette blei den nytta heilt fram til den nye køyrevegen vart bygd i perioden 1912-1928.

Flaum og dynamitt 

I løpet av åra har flaum og ras øydelagt enkelte vegparti. Som til dømes under den svært nedbørsrike vinteren 1927-28. Då ei mildversperiode sette inn tidleg i februar smelta store snømassar i fjellet, og dei påfylgjande storflaumane påførte voldsam skade på Vestlandet. Ned langs Rullestadelva i Rullestadjuvet blei så å seie alle bruene rivne vekk. Sidan den nye køyrevegen var ferdig dette året blei ikkje dei gamle bruene sette opp igjen, slik at kjerrevegen ned juvet ikkje lenger var farbar.

Enno verre blei det under andre verdskrig då tyskarane, anten for å teste ut verknaden av ulike dynamittsalvar, eller for å hindre «fienden» (engelskmennene) i å kome gjennom dalen, sprengde bort delar av vegen.

Men i dag blir den siste offentleg bygde kløvvegen i fylket igjen rusta opp, slik at turgåarar atter kan forsere dei farlege stryk og dei bratte fjellsidene i Rullestadjuvet.

Share to