• Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)
  • Photo: Axel Theodor Lindahl (1841–1906) (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Vossebanen

Murkvelvingar mot skred

Skikkeleg handverk er å sjå i alle dei mura kvelvingane over linja. Dei vart mura mellom 1918 og 1932, for å verna mot stein og jøklar. Skredfaren gjorde at det første tida vintersdag berre gjekk eitt tog kvar veg heilt til Voss. Då kunne dei køyra farlegaste stykket mellom Trengereid og Evanger i dagslys.

Nytt næringsgrunnlag

Pa Voss førte jernbanen til ei heil omskaping av næringsgrunnlaget i bygda. No kunne takskiferen sendast utom bygda. Tømmeret kunne skjerast til plankar og bord. Før laut det fløytast ut på elva som rundtømmer. Mjølk kunne seljast til Bergen. Eksismoar og skular vart lagde til Voss, og Vangen voks fram som handelssentrum. Før hadde mest alle vossingar arbeidt i jordbruket, no kom andre næringar til.
 

Share to