• Photo: Olav Edal (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Edal (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Edal (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Edal (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Edal (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Edal (Opphavsrett)
  • Photo: Helen Erickson, Minn USA 2002. (Opphavsrett)

Magne Endresen Kolle

Magne var fødd på Kolle 9 februar 1880 av foreldre Endre Johnson Kolle og Barbrå Magnesdotter Berge, og var den yngste av seks sysken. Barne og ungdomsåra hans veit me ikkje så mykje om, berre at han var noko av ein villstyring som tok for seg av det livet hadde å by på på så ymse måtar.

Men så vart Magne, som så mange andre på den tid, teken av amerikafeberen. Ein eldre bror, Tormod, var reist til Amerika i 1889. Han var blitt farmar i sørlege Minnesota, like ved Evanger kyrkja i Sargeant. Så hausten 1902 tok Magne avgjerd om å reisa over til broren for så å prøva lukka i ”det forgjettede land”, han også.

Heimen på Kolle var prega av at dei tok kristendomen alvorleg, med andakt kvar søndags førmiddag, og ingen av borna fekk gå til leik og anna moro før den var ferdig. Kan henda har Magne hatt ein ”protest” i seg mot dette i ungdomsåra. Far hans ville leggja bibel og salmebok i ”ferdaskrinet” før han drog, men dette meinte Magne at han ikkje hadde bruk for, frisk og sterk som han var, -- trudde han…

Magne starta amerikareisa frå Bergen den 9. februar 1903 på 23 års dagen sin. Kvelden før avreisa vart avskjeden med gamlelandet feira dugeleg i lag med kameratar som fylgde til Bergen. Reiseklare var òg to karar frå Teigdalen Magne kjende, Helge Magneson Mestad f.1884 og Helge Helgeson Luren f.1885, som skulle med same skip.

Skipet var den to år gamle "SS Oscar II" frå Skand. Amerik Line. (sjå "lenker") Om denne henta emigrantar i Bergen, eller dei tok ein annan båt til då ”Kristiania”, er usikkert. Det me veit er at "SS Oscar II"   hadde avgang frå Kristiania den 12.februar 1903 med New York som reisemål. Ei reise på normalt 10 til 12 dagar.

Men,- etter få dagar kjem dei ut for storm, og skipet får maskinskade på styrbord motor. Neste dag, etter å ha fått reparert maskina, spring båten lekk, og første og andre lasterom vert fylt med sjøvatn, så kapteinen avgjerd at dei må prøva å berga seg i land på Azorane, vest for Spania.

Mannskapet greier å halda skipet flytande, og dei kjem sterkt forkomne inn til Ponto Delgada den 18.februar.
Dette vert ei så dramatisk oppleving for villstyringen Magne, at livet hans tek ei heilt anna lei enn han tenkte. Så gjennom desse kritiske dagane skipet held på å gå ned med ”mann og mus”, lovar Magne seg sjølv, - at kjem han levande frå dette, vil han verta prest.

I Ponto Delgada er dei til 12.mars før dei kjem seg vidare. Då vert dei henta av eit tysk skip, "SS Grosser Kurfurst".  (sjå "lenker") som tek ombord dei 951 emigrantane, og dei når så New York den 21.mars, etter ei reise på om lag seks veker.

I protokollen for mottaket på Ellis Island står Magne oppført slik: " Passasjer no.20. Magne Endresen Kolle frå Voss/Evanger i Noreg. Reisemål: broren Thormod Enderson, Hayfield, Minn. Er ved god helse". Dei bestemte òg at i Amerika skal han heita ”Magne Endresen”. - Det vart for mykje krøll på tunga å uttala Kolle i Amerika…

Magne når fram til broren, fortel om den dramatiske reisa, og at han undervegs har teke avgjerd om å verta prest. Men han manglar pengar til skulegang. Det han fortel gjer slikt inntrykk på Tormod, at han tilbyr seg å kosta utdaning på broren.
Tormod sjølv var ingen kyrkjegangar. Han var alvorleg, inadvendt og streng av natur, men sette seg ære i å få Magne fram til å verta prest. Magne derimot - var ein utadvendt og lettliva kar som hadde lett for å omgås folk.

Så alt same året tek Magne til på ”Sioux Falls Lutherske Normalskole”, der han går lærarskule i tidsrommet 1903 til 1906. Vidare på ”Luther Seminar” frå 1907 til 1910, og vert ordinert til prest same år. Den 7.juli, også same år, gifter han seg med Agnes Hanson, fødd 5. februar 1890 av danske foreldre, frå Hayward i sørlege Minnesota.

Sin første periode som prest, 1910 til 1913, hadde han i Roseau Co i Minnesota i fem ulike kyrkjer. Same år, 1913, tok han til i ny stilling i Cass Co området (Kindred) i Nord Dakota, og gjorde teneste her i tre kyrkjer fram til 1937, omlag 25 år.

Same året, etter samla kring 27 år som prest for "Den norske Synode", vart Magne pensjonist, og dei flytta til Salem i staten Oregon. Landskapet der hadde mykje til felles med det heimlege i Noreg, så dei kjøpte ein liten farm dei bygde opp og dyrka neter. Samstundes vikarierte han av og til som prest i området, særleg i tyske Lutherske kyrkjelydar som var mest av der.

I fyrstninga av 1940 åra flytta dei til Long Beach i California, og vart buande der så lenge Magne levde. Også her vikarierte han som prest i den Lutherske kyrkja dei høyrde til, og etter andre verdskrig som marineprest ved ”Lutheran Service Center” i Long Beach. Dette var som han nemner i eit brev: ”et sted hvor gutter fra marinen kommer for at få hjælp og veiledning i forskjellige anligender. Det er for dem som et hjem borte fra hjemmet når de kommer ind i havnen her, og byen vrimler av gutter og mænd fra marinen. Her er ellers skibe fra mange nationer, ogsaa mange norske”.

Ekteskapet til Agnes og Magne var barnlaust, men dei adopterte to gutar, Kenneth og Erling, og vart etter kvart ein stor familie, men han kom aldri heim på besøk. Eit songkor han var med i, "Concordia koret", var i 1935 på Voss, og det var planen Magne skulle vera med. Broren Jon, og son hans Harald, tok turen til Voss frå Kolle for å møta han og høyra på koret. Skuffelsen vart som venteleg stor då det viste seg at han ikkje var med alikevel. Kona hans, Agnes, var brått blitt sjuk, og sidan det berre var mogeleg med brevkontakt på den tid, nådde ikkje meldinga om dette fram tids nok. 

Men han hadde heimlandet i tankane og heldt brevkontakt med alle han var onkel til her i Noreg heile livet, og etter krigen sende han mange pakker både med klær og mat. I mai 1950 skriv han i eit brev frå California: ”Nu er vel sneen smeltet bort og vaaren kommen efter den lange vinter til æder igjen. Vinteren er lang der hjemme. Vaaren er dog vakker i Norge naar den kommer. Jeg savner den norske vaar, fordi her har vi ingen vinter og derfor heller ingen riktig vaar, men sommerveir næsten hele aaret rundt”.

Magne døydde 4. des.1960 i California. Han vart gravlagd i Hayward i Minnesota der Agnes kom frå.

                   .....................

Share to