I år etter Kristi fødsel 2007 var det faktisk 100 år sidan den gamle Aurkjerkåinn hev fått seg piporgel for allerfyrste gong. Orgelet var levert i 1907 av firmaet Brødrene Torkildsen frå Åsen i Nord-Trøndelag. Det var pneumatisk, ikkje so stort, hadde tolv stemmer, pedalkoppel til manual II og kjeglelader. Denne opplysinga fekk eg ifrå den kjente orgelbyggjaren Theodor Zuber frå Blindheim på Vigra då han vitja Aure i februar 2007 for å observera, reparera og stemma orgela både i Aure og Stemshaug kyrkjer. Han Zuber meinar at det er heilt rett, stemmer m.m. frå Stein Johannes Kolnes si bok "Norsk Orgelregister 1328 - 1992" frå 1993.

 

Og då vart det ikkje heilt unaturleg å få veta litt meir om ein som var for fyrste gong fast tilsett som organist. Ein gong for seks eller sju år sidan fekk den underskrivne den gleda å slå av ein prat med Marit Bratseth som var den eldste Aure-innbyggjar på denne tidi. Ho Marit som var over 100 år gamal, sagde m.m. at den fyrste Aure-organisten var ein lærar frå Mjosundet som heitte Ola Grip. Han hadde vori tilsett heilt til januar 1923 då orgelet saman med den heile gamle Aurkjerkjå gjekk med i storbrann. Seinare flytta Ola til Frei, der han truleg døydde. Men nøyaktig når og kvar – det hugsa ikkje ho Marit.

Ein dag i februar 2007 i Tidens Krav stod det ein merkjeleg artikkel om ei eldre dame frå Frei som heitte Kirsten Williams og netopp fylte 100 år. Det mest overraskande i denne artikkelen var at ho var dotteri til ein som var lærar og organist i Aure i si tid. Og då vart det heilt naturleg å skriva umiddelbart eit brev til ho Kirsten med delikat spursmål om kven denne organisten var som var faren hennar. Etter kvart kom det svar frå dotteri åt Kirsten, Aud Kollerud frå Oslo. Ho Aud skreiv at det akkurat var han, den ovannemnte Ole (ikkje Ola – slik stend det i Menigheitsladet for Aure og Stemshaug nr. 4, 2005, me beklagar og korrigerar feilen!) Grip som var fødd på Grip (etternamnet peikar på!) for 135 år sidan, den 3. juli 1874. Då han var 30 år gamal, byrja han som lærar i Ertvågen og fire år etter starta han som organist i Aurkjerkåinn. Det var ogso naturleg å spyrja um han Ole spelte fleire instrument og kanskje var deltakande i dåverande kulturliv i Aure. Å nei, svara ho Aud, han spelte berre orgel og ikkje fleire instrument. ”Han var heller ingen foreningsmann (det tok bestemor seg av), - halda ho Aud fram, - så han spilte ikke i andre sammenheng enn på skolen og i kirken”. Han Ole hadde lært seg å spela orgel mens han gjekk på lærarskule på Levanger – musikken høyrde med i undervisningi på lærarskulen. Og då han vart spurt om å vera fast organist på Aure, tok han ein tur til Edvard Bræin (det var sikkert ikkje han Edvard som var berre 20 år gml. denne tida, men faren hans, Christian Bræin, 1836 - 1913) til Kristiansund, for å læra seg vidare i kyrkjeorgelspel. I 1907, den 19. februar, vart dotteri Kirsten fødd. Ho Kirsten, i fylgje Aud, meinte at det fyrste Aure-orgelet kom året etter då Ole akkurat starta, ikkje i 1907 som var nemnt over. Før, i allfall, det var lærar og klokkar Anders Bratseth (slektningen til Marit Bratseth) forsongar til salmesongen… So, i nær femten år var Ole Grip fast tilsett i Aure kyrkje som organist – heilt til den tragiske januarnatti i 1923 då kyrkja vart lagt i grus av lynnedslag. ”Han spilte i Aure kirke helt til den gamle kirken brandt ned – siste gang var samme formiddag den dagen kirken brant. Min mor (Kirsten, som då var nær 16 år gml.) gikk da på framhaldskolen på Aure det året og fulgte med på kirkebrannen som tilskuer, - skriv ho Aud vidare. – Mens han (Ole) bodde i Ertvågen, rodde han til Aure i all slags vær i alle disse årene…”. Ho Kirsten flytta til Frei i 1924 og etter kvart gifta ho seg med Alfred Williams som døydde i 1969. Faren Ole budde på Ertvågen heilt til 1935 då han óg flytta til Frei, for å vera nærmare dotteri, svigersonen og barneborni. Der på Frei døydde han den 7. november 1938 – 64 år gamal.

Tusen store takkar til Kirsten Williams, Aud Kollerud, Theodor Zuber og Tidens Krav for alle upplysingar!

Diverre manglar me bileta til han Ole Grip og det gamle Torkildsen-orgelet frå 1907…
 

 

Share to