• Photo: Alex Kurbanov
    (Copyright)
  • Photo: Alex Kurbanov
    (Copyright)
  • Photo: Alex Kurbanov
    (Copyright)
  • Photo: Alex Kurbanov
    (Copyright)
  • Photo: Alex Kurbanov
    (Copyright)
  • Photo: Alex Kurbanov
    (Copyright)

Peder Knudsen - 190 år

 

 

Peder Knutsen (Knutson, Knutsson?) Bakke heitte han upphavleg, men vart kjend som Peder Knudsen – det var heilt vant på 1800-talet å bruka patronomiske millomnamn som etternamn, serleg i bymiljø – slik skulle det vera ”finare” på denne tidi. Peder Knudsen som vart kalla ”Ålesunds første organist”, var fødd i 1819 – for 190 år sidan – ”under garden” Goli på Vågå i Gudbrandsdalen der faren hans, Knut Bakke, var husmann og ”ansett bygdasongar”. Diverre finn ein altfor lite og sparsam informasjon um Knudsen – denne merkjelege figuren i norsk musikk frå den nasjonalromantiske perioden – på netet og i andre kjeldor. I sine ungdomsåra byrja Peder fyrst å læra til å vera skreddar, men hans musikalsk talent tok yver – Peder var ekstra dugande på fele (og meinte at fiolinen var hovudinstrumentet hans), seinare lærte han å spela endå fleire instrument, komponera musikk og dirigera (serleg då han var uppteken i militærmusikken i Christiania), ikkje minst å stemma og reparera klavér og orgel. Peder var kjend med sjølvaste Ole Bull (og fekk spela nokre gongar under hans leiing), ogso med den namngjetne kordirigenten og komponisten Johan Didrik Behrens (1820 – 1890). På råd frå Behrens vart den unge gudbrandsdølen tilsett som ”musikar og songinstruktør” i Holmenstrand. Der hadde Peder vori i nokre år før 1854 då han flytta til Kragerø for å vera musikkinstruktør i byen. Han var båe leiar og fyrstefiolinist i byens to kammerensembel, lærar i piano, songlærar ved Borgarskulen og instruktør for byens mannsongforening og blandakor. Han dreiv mykji med komponering sjølv og arrangering av andre komponistar sine verk. Etter kvart vart Knudsen sin tilhøve i Kragerø tregare, han fekk seg der båe nære vener og sterke motstandarar, og etter fem utslitne år i Kragerø søkte han stilling som organist på Ålesund og fekk veldig positivt svar på søknaden sin. So kom han til Ålesund i mai 1859 til å vera organist der i den ”gamle” Ålesund kyrkje som var bygsla i 1854 (og umkom i den store bybrannen 50 år seinare).

Ovanfør sagde eg at Knudsen var kalla ”Ålesunds første organist”, som ein ogso kann forstå heilt bokstavleg – Ålesunds kyrkja, i fylgje upplysingar i ”Norsk Orgelregister 1328 – 1992” av Stein Johannes Kolnes, hadde ikkje fått orgel i det heile i sine fyrste fem år, før 1859. Og det var akkurat i året 1859 då den 40 år gamle Knudsen kom til Ålesund at han fekk tonesetja diktet åt den unge på denne tidi (27 år gml.) forfattarinna frå Østre Toten, Inger Marie Lyche Wexelsen, eller berre Marie Wexelsen i daglegtale, – ”Barnas Julesang” i ni vers som me alle kjenner i dag som ”Jeg er saa glad hver Julekveld, thi da blev Jesus fød`”, etter den fyrste diktlina. I fylgje upplysingar som Elin Huseby frå Bergens Offentlege Bibliotek gjev, fekk Knudsen høyra gjenom nokre av sine vener at ho Wexelsen hadde laga ei tekst som ho trong melodi til. Det var faktisk året før diktet til Wexelsen stod publisert for fyrste gong i 1860 i den andre barneboki hennar, ”Ketil, en Julegave for de Smaa” (i alt gav ho ut tri barnebøker og monge fleire vaksnebøker, båe dikt og prosa).

Ho Elin Huseby skriv ogso at Wexelsen og Knudsen vart kjend med kvarandre og hadde havt eit longt brevskifte. Dei to vart nære vener, og ein kunne tru av breva at ho Marie vona på friarmål frå han Peder, – men i allfall vart det ikkje slik.

Det var ikkje tidlegare enn joli 1862 då songen ”Jeg er saa glad hver Julekveld” som etter kvart vart folkekjær, nesten som ei folkvise (i nokre gamlare salme- og melodibøker stod det ofte ikkje ei einaste upplysing um kven komponisten til denne lille salmemelodien var), var offentleg framført av eit kor for allerfyrste gong – nemleg ved innviing av Skåtøy kyrkje i Bamble. Diverre fekk Peder Knudsen ikkje leva lengje på Ålesund – han døydde berre året etter, like før jol 1863, 44 år gamal. Men den lille vakre jolesalmen hans, derimot, fekk leva eit longt og lukkeleg liv. Manuskopi av songen sin sendte Knudsen i eit brev til ein av sine vener med etternamnet Hougen. (Fiolinisten Per Bolstad fortalde at hans far som ogso var i venskap med Knudsen, fann manuset blant millom Knudsen sine etterlatenskap, det var kort tid før Knudsen døydde.) Ein annan ven, Feragen, fekk vitja den ovannemnte Hougen ein dag og sjå og høyra songen. Andreas Feragen, som var lærar, skulle til Christiania for å vera med i den komité som skulle utarbeida eventuelt framlegg til ei ny lesebok. So, etter tildriv frå Feragen, fekk Wexelsen sitt dikt med Knudsen sin melodi vera fyrst teken inn i ”Læsebog for Folkeskolen og Hjemmet” av P.A. Jensen i 1863, Knudsen sitt dødsår, og deretter vandra vidare i monge fleire lese-, song-, salme- og melodibøker, m.a. i Landstads Reviderte Salmebok og den noverande Norsk SalmeBok, heller ikkje minst i tallause jolenotehefte for piano og andre instrument til musikkskuleundervisning. I 1933 kalla John Stene denne salmen i si bok ”Vår evangeliske salmeskatt: en liten hjelp til innførelse i våre nye salmebøker” for ”vår uforlignelige julesang”. Og den store forfattaren Ronald Fangen kalla ”Jeg er saa glad hver Julekveld” for ”en av de mest geniale julesalmer som finnes i Skandinavia”. Jo, denne jolesalmen kryssa Noreg sine grenser og vart lik kjend og folkekjær båe i Danmark og Sverige for lengje sidan. Med tallause norske emigrantar kryssa han Atlanterhavet og i Amerika fekk seg minst tri engelske yversetjingar. Komponistane nordmann Rudolph Magnus Forwald og danske Emil Juel-Frederiksen hadde laga fine pianoparafraser over melodien til Knudsen på århundreskiftet. I 1906, fem år før Marie Wexelsen døydde i Trondheim 79 år gamal, fekk diktet hennar seg ”nynorsk drakt” av Bernt Theodor Anker og kom i ”Songbok for Sundagsskule og Uppbyggjingsmøte” av biskop Bernt Støylen det same året, og seinare i Nynorsk Salmebok.

Peder Knudsen er gravlagd på Ålesund kyrkjegard. Gudbrandsdølen vart sunnmøring for godt. På gravmonumentet hans stend det fylgjande: ”Han ga oss melodien til Jeg er så glad hver julekvell. Reist av ålesundere”.

Tusen takk til orgelkonsulenten og målmannen Stein Johannes Kolnes for alle upplysingar!

Kjeldor:
Kr. R. V.: ”Jeg er så glad hver julekveld” // Sunnmørsposten, 22.12.1945. Attergjevi i: Medlemsblad for Norges Organistforbund, nr. 10, 1948.
L[ars] Aa[nestad]: Knudsen, Peder // Kristen Sang og musikk, bd. 2. Oslo, 1965.
Jac. Røken Ødegaard: Barnas egen julesang. Frå ”Den fantastiske Juleboken”, 1991 // http://home.online.no/~kgroenha/jac.htm
Elin Huseby: Jeg er så glad hver julekveld // Nettbiblioteket – Bergens Offentlige Bibliotek www.nettbiblioteket.no/tema/tema_2005/julekalender/sanger_8.html

 

 

1 comment

  • Peder Knudsen Bakken født på husmannsplass under Øy i Vågå. Goli eksisterer ikke.

Share to