• Photo: Torbjørn Gjerde (Opphavsrett)
  • Photo: Torbjørn Gjerde (Opphavsrett)
  • Photo: Norsk Kirkemusikk / Stein Johannes Kolnes (Opphavsrett)
  • Photo: Torbjørn Gjerde (Opphavsrett)
  • Photo: Torbjørn Gjerde (Opphavsrett)

Orgel og organistar på Stemshaug (Til Stemshaug kyrkje sitt 100-årsjubileum)

Kort versjon av denne artikkelen er publisert i boki "Stemshaug kyrkje 1908 - 2008. 100 år" (Orkanger, 2008).

 

 

Denne artikkelen skulle ha vori skriven for to år sidan, for året sidan Kristi fødsel 2006 var eit jubileumsår for orgel i Stemshaug kyrkje, den 13. november d.å. var det 40 år sidan det noverande orgelet vart innvia. Diverre kom denne runddatoen i skuggen av forskjellege høver og årsaker, sjølv um faktisk for allerfyrste gong, nesten 60 år sidan innviing i desember 1908, fekk Stemshaug-kyrkja eit fullstendig kyrkjeorgel, eit pipeorgel som var levert av det trufaste firmaet Brødrene Torkildsen frå Åsen i Nord-Trøndelag. Orgelet er ikkje serleg stort, men passar akkurat for ei millomstor kyrkje med ca. 300 sitjeplassar.
Den kalde novemberdagen i 1966 var ein stor dag for heile bygdi, ein skikkeleg festdag som folk hadde venta på i monge år. Orgelet vart innvia med festhøgmesse, kyrkjekaffi og deretter ein times konsert med strålande orgel- og kormusikk. Det var organist, komponist og konsulent Leidulv Grimsmo (1927 – 1998) frå Kristiansund som spelte (og litt seinare skreiv artikkel um dette i bladet Norsk Kirkemusikk, nr. I, 1967), det var Aure Songlag som song under leiing av Aure-skulesjef Ivar Vik (som budde på Stemshaug i millomkrigstidi då hans far Knut O. Vik var organist der), og det var dåverande sokneprest Rolf Dyrlie som tala. Kyrkja var fullsett av folk frå indre og ytre kantar av kommunen.
 

Orgelet er heilt barokkmekanisk med sløyfelader. Spelbordet er ihopsett av to manual og pedal. Det er i alt 9 stemmer, disposisjonen er fylgjande:


I. Man. (C – g4)

Rørfløyte 8 ft.
Principal 4 ft. (pipor er delvis på orgelfasaden)
Mixtur


II. Man. (C – g4)

Gedakt 8 ft.
Rørfløyte 4 ft.
Principal 2 ft.
Kvint 1½ ft.


Pedal (C – f1)

Subbass 16 ft.
Kvintadena 4 ft.


Koppel: I/Ped., II/Ped., II/I
Svellboks: Ingen
 

Men det er spørst at Stemshaug-kyrkja var heilt utan orgel i sine fyrste 58 år… Å nei, og det er sjølvsagt heilt naturleg å få veta um kva for instrument kyrkja hadde før. Det var eit stort harmonium, levert av Drammensfirmaet L. Eriksen. Når kom dette harmoniet i kyrkja? I allfall, ikkje i desember 1908, men minst 15 år seinare. I denne tidi var det heilt vanleg med kyrkjesongarar og klokkarar som leia salmesongen (ein veit at den gamle Aurkyrkja frå 1726 ikkje fekk orgel før i 1907). I Anna Lindhjem si bok ”Norges Statskirkes instrumenter og organister fra 1914 – 1924” stend det at Stemshaug-kyrkja ikkje hadde noko instrument i 1923. Men den ovannemnte Ivar Vik upplysar at akkurat dette året vart far hans tilsett som organist på Stemshaug. So, er det sannsynleg at harmoniet kom i slutten av 1923 då Knut O. Vik byrja der som organist. Og dette harmoniet gjorde trufast teneste som kyrkjeorgel i 43 år. Teknisk stand av instrumentet var ikkje ideell – det var reparert nokre gong (av m.m. båe Torkildsen- og Vestre-firma), ein gong var det ganske umfattande reparasjon i 1950. Etter kvart vart det dyrt å reparera harmoniet, og allereie fyrst på 60-talet vart det diskutert um ikkje kyrkja burde få eit nytt instrument. I 1964 vart det avgjort å skaffa eit billeg men skikkeleg orgel hjå det ovannemnte firmaet Brødrene Torkildsen. Idéen høyrde til Hans E. Stemshaug – organisten og den siste Stemshaug-ordføraren framfør kommunesamanslåing med Aure. Stemshaug sokneråd hadde alt vori i kontakt med Torkildsen-firmaet – det var dette firmaet som leverte orgel for Aurkyrkja i 1907 og 1924, og det var dette firmaet som utgjorde større eller mindre reparasjon av det gamle Stemshaug-instrumentet. So, val av orgelfirma var heilt klårt.

Som det var sagt over, leverte Torkildsen-firmaet kyrkjeorgel til Stemshaug i november 1966. Nokre månader etter dette vart Aure Misjonshus bygd, og det var avgjort å gjeva bort det gamle harmoniet som gåve til Misjonshuset i 1967. I over 20 år gjorde harmoniet teneste i Misjonshuset til det sist på 80-talet var skifta ut med piano. (Ei stund var det også eit elektronisk Yamaha Electone-orgel i tillegg til pianoet i Misjonshuset. Dette orgelet var seld bort midt på 90-talet.) Men det legendariske harmoniet eksisterar framleis. Det stend heime hjå Stemshaug sokneråds formann Torbjørn Gjerde i Skarsgrenda. Diverre er instrumentet helt ubrukbart, uspelbart. Dessutan forsvann dei fleste av stemmenamn på stemmehandtaka bort, so er det nesten urealistisk å rekonstruera instrumentets disposisjon i heilskap…

___________________________


Desse hev vori organistar i Stemshaug kyrkje:

1) Knut O. Vik (Aure), f. 20.03.1896, d. 05.01.1981. Lærar, klokkar, lokalhistorikar. Utdanna frå Levanger lærarskule 1918, tilsett som lærar i Stemshaug skule i 1923. Sannsynleg i slutten av det same året starta som organist (slutta 11. juni 1937, flytta att til Aure i 1938, vikarierte óg ei stund på 50-talet, saman med sonen Gunnar K. Vik).

2) Hans Ebbeson Stemshaug (Stemshaug), f. 28.01.1903, d. 17.03.1966. Lærar, og ei tid på 60-talet som ordførar i Stemshaug. Utdanna frå Nesna lærarskule 1924 og Noregs lærarhøgskule 1933, tilsett som lærar i Stemshaug skule i 1925. Organist i 1938 – 1941 (var sterk motstandar under krigen, fengsla av tyskarane i Trondheim i 1943) og 1945? (sagde upp i 1946 og kom seinare igjen) – mai 1950. Seinare på 50-talet då kyrkja faktisk var utan noko fast organist, var han ein av dei ”faste vikarar”, saman med fleire andre (”Eg trur at far slutta i slutten av 1950-åra…”, - skreiv Ola Stemshaug til artikkelforfattaren i oktober 2006).

3) Olaf H. Mæle (Stemshaug), f. 10.12.1898, d. 07.12.1987. Organist i 1941 – ca. 1945.

4) Lars Fosnes (Stryn), f. 19… d. 19… Lærar på Giset på 50-talet. Organist på Stemshaug, og samstundes organistvikar på Aure i rundt 1952 – 1954.

5) Oddveig Glomstad (Byneset – Aure), f. 17.05.1892, d. 23.08.1984. Starta i ca. 1954, byrja som vikar, etter kvart vart fast organist. Slutta i ca. 1967 - 1968. I dei seinare leveåra flytta ho att til heimstaden. Ho var den siste organisten for berre Stemshaug sokn.

Sidan hev det vori éin organist for begge sokn. Det var: Kristi Aresvik (f.o.m. ca. 1968 t.o.m. 1974), Olga Ulset (f.o.m. 17. april 1975 t.o.m. juli 1978), Hansine Skipnes (f.o.m. sumaren (?) 1978 t.o.m. våren 1981), Gunvor Lidal (f.o.m. 15. november 1981 t.o.m. desember 1990, ho vikarierte ogso etter ho slutta som fast organist), Brian Hepworth (f.o.m. desember 1990 t.o.m. oktober 1995), Jason Clive Lawrence (f.o.m. 22. mai 1996 t.o.m. 1. juli 1999) og Alexey E. Kurbanov (f.o.m. 7. april 2000). Blant organistvikarar dei siste tiåra kann nemnast: Anne Marit Oddan, Leif Hannasvik, Donald Evans, Harald Bersås, Randi Barlaup, Ragnhild Finset og Lars Gjerde.


Takk til:
Ivar Vik, skulesjef, spelmann og dirigent, for upplysing um faren Knut O. Vik sr.
Ola Stemshaug, 1. amanuensis, professor ved NTNU i Trondheim, for upplysing um faren Hans E. Stemshaug gjenom brevveksling og samtalar
Stein Johannes Kolnes, orgelkonsulent, organist i Tysvær, for ymse upplysingar, m.m. um artikkel ”Nye orgler på Nordmøre” av Leidulv Grimsmo og bok ”Norges Statskirkes instrumenter og organister fra 1914 – 1924” av Anna Lindhjem
Per Eilert Orten, Aure-sokneprest, historikar og bygdabokforfattar, for ymse upplysingar og uvurderleg hjelp med artikkelskriving
Torbjørn Gjerde, musikar og mekanikar, formann i Stemshaug sokneråd, for fine bileta åt det gamle og nye Stemshaug-orgel
Ivar Torset, journalist og forfattar, for redigering og korrektur av artikkelteksta
Alle gode kollegaer i Aure kyrkjekontor og Stemshaug sokneråd

 

 

1 comment

  • Fint at orgel i ei landsens kyrkje og organist-rekkja gjennom tidene vert oppramsa. Viktig lokalhistore.

Share to