• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Hestar og menn ved Hallingskeid

Før skjenene vart lagde sommaren 1907, måtte ein frakta alt på hesteryggen. Sesongen var kort: transportvegen opna på vårparten og stengde vanlegvis i november. Det fyrste som vart frakta opp om våren var ved og kol til alle anleggsbrakkene. Ein trong òg plankar til reparasjon av desse, for vintervêret sleit hardt på dei. Det var bønder frå Flåmsdalen som sto for det aller meste av transporten, men dynamitten kom opp frå Granvin. Vegen frå Flåm til Kårdal, øvst i dalen, vart utbetra av jernbana sine eigne ingeniørar i 1896. Opp Myrdalsberget bygde dei vegen i 17 svingar, og i tillegg laga dei ein heiskabel for tømmer og anna som var for langt for svingane. Vegen sto klar til Hallingskeid i 1898.

Ved sidan av vegen la dei telefonlinje som òg fungerte som vegvisar i dårleg vêr. Her på Hallingskeid var det proviantlager dei fyrste åra, og nokre av folka i administrasjonen budde her. Bøndene tente godt på frakta, dei fekk betalt per kilo. Straks det vart farbart opp Flåmsdalen, byrja dei å frakta varer og materialar til foten av Myrdalsberget. Når snøen var vekke, tok dei til att med å frakta til Hallingskeid eller Finse. Der var det store stallar og losji. Midt på sommaren kunne 100 hestar og like mange mann vera i gang med frakta. Var våren sein, vart det spadd ut tunnelar gjennom snøfonnene for å få hestar og varer fram.

Share to