• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Per Sivle

«Den fyrste song eg høyra fekk...»

Både som forteljar og som lyrikar gav Per Sivle verk som generasjon etter generasjon av nordmenn har høyrt og lese med glede og takksemd. Mellom dei mest kjende songane hans er «Den fyrste song eg høyra fekk»; mellom forteljingane «Berre ein hund» og «Vossa-stubba».

Hjartelag, geni og ulukke

Diktinga hans kjem fra hjarta, og han har nådd fram til hjarta hjå dei mange som les han. Då minnesmerket over Per Sivle vart avduka ved Voss Tinghus i 1957, bruka Olav Midttun desse orda av Henrik Wergeland som motto for talen: «...Er det ikke Hjertelag, Geni og Ulykke Gud giver Udødelighetens fagreste Kranse?» Det var velvalde ord om mannen Per Sivle og livssoga hans.
 

Minnestein

Anders Hovden, Per Sivles gode ven, gjorde opptaket til eit minnesmerke over diktaren i heimbygda hans. Emnet til den store bautasteinen er funne på Skjervheim i Myrkdalen. Å føra steinen frå Myrkdalen om Vinje til Oppheimsvatnet og fram til Stalheim var eit kravfullt arbeid. Anders Hovden heldt hovudtalen ved avdukingshøgtida 20. juni 1909. Også Lars Eskeland tala, og Sjur Helgeland spela.
 

«..merket det stend...»

Innskrifta på steinen lyder slik: «Norsk ungdom sette denne steinen til minne um Per Sivle 1857-1904». Dette står på eine sida av steinen. På den andre står desse orda frå «Tord Foleson» av Per Sivle: «Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa.»
 

Share to