• Photo: Magnhild Vatne (NMFS-arkiv) (Opphavsrett)
  • Photo: Magnhild Vatne (NMFS-arkiv) (Opphavsrett)

Alfa-rivemaskin

Det var så dumba dreiv når rivemaskina reiv opp samanpressa alfagras og krøllhår til bruk i stopping av møblar på 40- og 50-talet.

Brukt til så mangt

Maskina på bildet vart brukt av Karl Ramstads Lenestolfabrikk, på Aure i Sykkylven, frå ca 1945 til ca 1957. På grunn av støvplaga vart maskina brukt i friluft, utanfor låvebygget på Ramstadbruket. Ho vart driven med reimoverføring frå ein seks hk motor, som også vart brukt til vinsj for å få høy inn på låven.
 

Afrikansk sjøgras

Alfa er sjøgras, som hovudsakleg vart importert frå Nord-Afrika. Den kom i kompakte ballar, og stoffet måtte rivast opp før det kunna brukast som stoppmateriale i møblar. Mange møbelveteranar kan fortelje at dumba dreiv og at dei knapt såg ei hand for seg når rivemaskina var i aksjon.
 

Krøllhår med spenst

Krøllhår er dyrehår, som hestetagl, grisebust og kamelhår. Materialet vart spunne i store fletter, for at det skulle få rette spensten. Desse vart rive opp av maskiner, og brukt i lag med alfagraset i stopping av møblar.

Fleire smakebitar frå møbelindustriens kvardagsliv finn du på Norsk Møbelfaglig Senter sine heimesider. 

Share to