• Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)
  • Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)

Rastalii–Sverrestigen. Gjel i kvartsitt

Rastalii er eit gjel som både veg og jernbane hadde vanskar med å forsere.

Bergensbana går her i fire tunnelar (Rastalii I, II, III og IV) og Raundalsvegen er sprengt ut litt høgare oppe. I kong Sverre si tid gjekk vegen på ei hylle endå høgare oppe i lia («Sverrestigen»). Det vert sagt at kongen og birkebeinarane gjekk her på veg over fjellet til Sogn etter slaget på Voss i 1177. Raundalselva har grave ut eit trongt djupt gjel i den harde kvartsitten. Den ligg underst i Jotundekket og like over den mjukare fyllitten som me møter på vestsida av gjelet. Sett frå vest ser me at gjelet er skore ned i ein eldre dalgenerasjon i kvartsitt med fjellet Meringanolten i sør.

Share to