• (Copyright)
  • Photo: Kjetil Bjørnsrud 2002
    (Copyright)

Hans Nielsen Hauge i Hemne

Denne artikkelen tek for seg forkynnaren Hans Nielsen Hauge si vitjing i Hemne i 1802.

Kort om Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge vart fødd på Rolvsøy i Austfold i 1771. Han vaks opp i ein heim som var prega av from pietisme; husandakt med bøn, salmesong og postillelesing var vanleg kost heime hjå familien Hauge.

I 1796 opplevde Hauge sitt religiøse gjennombrot. Han hadde ei heilt spesiell åndsoppleving medan han arbeidde på åkeren heime i Rolvsøy (for fleire detaljar, sjå linken "Haugerud"). Denne opplevinga førte til at Hauge kjende seg kalla av Gud til å forkynna den kristne bodskapen. Han byrja difor å reisa rundt i Norge med dette for auget. Men ved å gjera dette braut den unge mannen Konventikkelplakaten. Dette var ei lov som i grove trekk berre gav prestane lov til å driva forkynning. Styresmaktene og store delar av presteskapet såg med stor uro på at ein ulærd bonde skulle gå rundt i landet og forkynna. Dette var nok særleg på grunn av den ramsalte kritikken som Hauge retta mot prestane. Hauge refsa prestane fordi dei forkynte ei rasjonalistisk, død gudstru som ikkje gav seg utslag i noko nytt liv til teneste for Gud og nesten.

Hauge vart fengsla fleire gonger for verksemda si. Det lengste fengselsopphaldet fekk han i Kristiania, her sat han 1804 til 1813. Dette opphaldet knekte helsa hans. Det heile enda med at han vart dømt til å betale ei bot. Etter at han vart sett fri, busette han seg på garden Bredtvedt i Kristiania. Her levde han eit stille, attendetrekt liv til han døydde i 1824.

Opphaldet i Hemne

”Hauge-rørsla fekk overlag mykje å seie for det religiøse livet i Hemne, ja for heile folkelivet i bygda utetter det nittande hundreåret (…). Med noko rett kan ein seie at Hemne vart Haugianar-bygda framom andre bygder i Trøndelag.”(Sødal 1968: 68).

Hans Nielsen Hauge var to gonger i Hemne, i 1802 og 1803. Det er det første opphaldet hans vi veit mest om, det fann stad i april månad. Då kom Hauge gåande over fjellet frå Lensvik og ned til Snillfjord. Han tok inn på garden Snilldal, og var med folket der til Hemne kyrkje.

 Hans Isaksen

Etter gudstenesta tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken. Mange vart gripne av preika hans, men det var og dei som spotta, eller dei ergra seg over at ein ulærd bonde gav seg til å lære folket frå Guds ord. Av dei siste var ein skulemeister med namnet Hans Isaksen. Han ”ropa ut over folkehopen: ”Såminsant, di som e presta, di må rop’ høgt, dem gje sæ ut for presta, å dem kann ittje katkjesboka”. Da er det fortalt at Hauge gjekk bort til skulemeisteren og snakka med han: ”Si meg De som jeg hører er skoleholder, hvorfor har Gud lagt forgjettelsen til det fjerde bud og ikke til de tre første?”. (Sødal 1968: 69). Isaksen kunne ikkje svara på dette, og sa ikkje meir.

 Mange vart med i vekkjinga

På ettermiddagen same dag tala Hauge for ei stor folkemengd på Kyrksæterøra, sentrum i Hemne. Denne tala gjorde sterkt inntrykk på folket, og mange hemnværingar vart nok med i Hauge-vekkjinga frå denne dag av. Det kan sjå ut som om Hans Isaksen også var mellom dei. Etter å ha høyrt tala, sa han: ”Guds Ånd må tale gjennem dette Menneskje” (Sødal 1968: 69). Hauge skal også ha rettleidd folk i jordbruksarbeid, og laga ein plog medan han var i Hemne.

Truleg varte Hauge sitt første opphald i Hemne i om lag to veker. Mange hemnværingar vart vekte til ei levande kristentru under dette korte opphaldet. Dette kan vi sjå i eit dagboknotat frå embetsmannen Christian Pram i 1804: ”I samtlige søbygder, men iser i Hevne, havde sværmeren Hans Hauges prædigener skaffet sekten så mange proselyter, at nesten hele Hevnes befolkning hørte dertil.” (Sitert etter Orten 2000: 345).

Lokale haugianarar

Haugianarane i Hemne heldt oppe kontakten med Hauge via brevskriving. Elias Hansen Heimsjø og Erik Olsen Holden gjekk også heilt til Bredtvedt for å få råd og helsingar frå Hauge til venneflokken i Hemne. Desse to fungerte også som predikantar, både i Hemne og andre stader. Og i 1830-åra var den kjende forkynnaren Elling Eielsen på vitjing i Hemne.

Share to