• Photo: Frå avsn. om lensmenn i Frøyaboka (Opphavsrett)
  • Photo: Henta frå http://krigshistorie.sistranda.com/galleri.htm (Opphavsrett)

Hans og

Fødd på Ruøya

Hans Ruø (1878-1968) var fødd på Ruøya i Aure. Foreldra var Johannes Svendsen Ruø og Marit Johannesdotter Ramsvik.

Lensmannsbetjent i Aure

I 1903 vart Ruø lensmannsbetjent i Aure under lensmann Angell Landmark.

Intervjuet som gav grunnlag for oppskrivinga av ”Slaktar-Jo” vart gjort 12 år seinare, 4. juli 1915. Vi finn ikkje noko bakgrunnsinformasjon om dette diktet, så vi veit til dømes ikkje kven Ruø har høyrt det av.

Lensmann på Frøya

Ruø vart lensmann på Frøya i 1925, og denne stillinga hadde han til han vart pensjonert.

Motstand mot tyskarane i 1940

I mai 1940 var Ruø aktivt med i aksjonen for å få transportert Noregs Bank sitt gull-lager over til Storbritannia. Han fekk mellom anna rekvirert to større fiskeskøyter frå Frøya.

Ruø vart eit irritasjonsmoment for den tyske okkupasjonsmakta på Frøya, og han vart etter kvart forvist til Aure.

Pensjonist

I 1948 vart Hans pensjonist. Då selde han huset sitt på Frøya, og flytta saman med kona Valborg til Aure. Her bygde dei seg hus nær bruket ”Myra” i Aure sentrum.

Kven var "Slaktar-Jo"?

Eg har prøvd å finna ut kven denne ”Slaktar-Jo” kunne ha vore for ein kar. Folkelege dikt, songar og regler har jo ofte opphav i verkelege personar og hendingar, jmf. skillingsvisene.

Men desse undersøkingane har det i grunnen kome lite konkret ut av. Namnet Jo (Jon) har vore temmeleg vanleg på våre kantar, og i tidlegare tider var det ganske mange bygdeslaktarar rundt om i grendene. Kanskje er det ein av desse diktet handlar om.

Det er i alle høve mykje sannsynleg at denne slaktaren var frå ytre Nordmøre. Vi ser at han ”sigla te Brattværsland” i fylgje siste strofa i diktet. Og då er det nok Brattværet på Smøla det er tale om.

Diktet

Her kjem diktet om ”Slaktar-Jo”, slik det stod på trykk i ”Segner-gåter--folketru frå Nordmør”.

Innhaldet minner mykje om det ein kjenner frå visa ”Og mannen han gjekk seg i vedaskog”, som mange har sunge i si skuletid. Den mannen nytta kråka til siste trevl: Klørne brukte han til møkkagreip, nebbet til kyrkjebåt o.s.b. Så oppfinnsam er ikkje han Jo når han skal nytte ut kua si. Men fellestrekk er det.

Han Jo la kua åt sleå ålein,
"No glømt e vel tå kniven min heim",
sa 'n Slaktar-Jo.

Han Jo flådd kua vel te mul,
"No ska 'å Eli bli feit te jul."
sa 'n Slaktar-Jo.

Han Jo, han gjor se pøls for se sjøl.
"Med ti våg talg, å tolv våg mjøl,"
sa 'n Slaktar-Jo.

Å pølså va gjor tå lever og nyr,
"Med taljen i pølsånn vinn e vel styr,"
sa 'n Slaktar-Jo.

Føt'n å innvol'n ska saltas med grein-
"Dem ska e gjøm ni bommånn min heim,"
sa 'n Slaktar-Jo.

Honna dem va både krokåt å skeiv.
"Dem ska e vel ha te slipsteinsveiv,"
sa 'n Slaktar-Jo.

"Tå rompånn bitt e me tju silhår. *
"Dem ska e vel sæl ut i vår,"
sa 'n Slaktar-Jo.

Han Jo, han sigla te Brattværsland.
"Da kom kjerringann på havsens sand," sa 'n Slaktar-Jo.

* I fleire eldre ordsamlingar (m.a. frå Surnadal) blir det opplyst at silhår var hår av ku-halen som dei fletta saman, la nedi tre-silen, og sila mjølka igjennom.

2 comments

  • En meget interessant opplysning om min morfar. Nå tenker jeg da på at han har skrevet diktet om Slaktar-Jo. Sant og si så har jeg aldri verken hørt av ham selv eller andre at han hadde en lyrisk åre. :-) Det andre som er skrevet om ham vet jeg jo. Men hyggelig var det å lese. :-) Med vennlig hilsen

    Einar Meland.

  • Hei Einar!

    Hans har ikkje skreve diktet. Det er noko som har gått på folkemunne, men Hans resiterte det for E. Langset

Share to