• Photo: Wikimedia Commons (Opphavsrett)

"Shetlands-Larsen" som rømling på Tustna

Kort om "Shetlands-Larsen"

Ein særleg kjent aktør i gjengen var Leif A. Larsen (1906-1990), som etter kvart fekk kallenamnet "Shetlands-Larsen". Han var med på 52 turar frå Shetland til Noreg, og var også med på den aksjonen som eg her skal skriva om.

Miner på Edøyfjorden

Oppdraget som "Shetlandsgjengen" hadde på denne turen, var å leggja ut miner på Edøyfjorden. Til dette bruka dei ei ombygd fiskarskøyte, "Nordsjøen". Båten tok ut frå Shetland tidleg om morgonen den 19. oktober. Skipper på turen var Andrew Gjertsen. På kveldstid 22. oktober var dei framme i Edøyfjorden. Det blas liten storm, noko som gjorde både mineutleggjing og navigering vanskeleg. Etter mykje strev greidde karane å få minene i sjøen.

Havari

Kursen vart no sett ut Griphølen. Stormen hadde auka på, og det var elendig sikt. Ni kvartmil utanfor Grip slo ein bråttsjø hol i skuta, og vatnet fossa inn. Motoren kollapsa, og "Nordsjøen" tok til å driva. Bårene slo inn over dekk, i tillegg sette det inn med tett snøkave. No måtte dei sju ombord sjå til å koma seg på land snarast råd, båten kunne ikkje halda seg flytande særleg lenge.

Å gå i land på Grip var uaktuelt, etter som tyskarane hadde vaktstasjon der. I staden vart skuta manøvrert inn i Ramsøybukta på sørsida av Tustna. No var det om å gjera å koma seg snarast mogleg tilbake til Shetland, og då var det nødvendig å få tak i ein ny båt. Mannskapet gjekk om bord i ein livbåt og kom seg etter kvart inn til Karvika, ikkje langt frå garden Slettet på Golma. I nærleiken av der "Nordsjøen" gjekk ned (ved Klubbøya) ligg det eit blindskjer, som i etterkant av denne hendinga fekk namnet "Shetlands-fløå" av folk på Tustna.

Flukt frå politiet

Mannskapet frå "Nordsjøen" kom etter kvart fram til Erikstua, der Johannes og Karla Golmen budde. Dei tok vel imot dei sjøfarande. Shetlands-fararane hadde med seg ekte kaffi (i motsetnad til surrogat-kaffien som var vanleg under krigen), og Karla sette over kjelen. Ho gav uttrykk for at det var godt å kjenna lukta av skikkeleg kaffi. Karane som var på besøk var kledde i uniformsjakkar, og skilde seg markant ut frå vanlege sivile. Dei gav gav difor utrykk for at dei ville få skifta klede. Men det var ikkje nok klesskift i huset til alle saman. Løysinga vart at Karla tok ut dei blanke uniformsknappane, og sydde i vanlege knappar i staden. Ein av sønene i familien, Daniel Golmen (f. 1946), fortel at han og søskena hans leikte mykje med desse uniformsknappane.

Ekteparet Golmen tipsa karane om at dei kanskje kunne få skyss med ein krabbebåt som snart skulle koma innom på bukta utanfor. Leif A. Larsen og fire andre av gjengen gjekk for å snakka med med skipperen om bord. Andrew Gjertsen og maskinist Anders Merkesdal vart att i huset. Krabbebåt-skipperen var sur og tverr, og nekta å gje skyss. Etter kvart viste det seg at nokre av naboane hadde ringt etter lensmannen, og rapportert om "mystiske personar" som tusla rundt i området. Dette var gjort i rein uforstand, og ikkje fordi naboane hadde sympatiar med nazismen. Shetlands-karane måtte difor koma seg vekk så snart som råd. Gjertsen og Merkesdal flykta nordover, medan Larsen tok kommandoen over dei fire som hadde følgt med han til krabbebåten. Dei drog austover øya.

Forhøyr i Erikstua

Kort tid etter fekk Johannes og Karla besøk av lensmannsbetjent Lorents Vågland og ein tysk soldat. På denne tida var det felles lensmann for Halsa og Tustna, og administrasjonen var i Halsa. Vågland var ein "god nordmann", og ville gje "Shetlands-gjengen" så stort forsprang som råd var. Han bruka difor mykje tid på å spørja ut folket, og noterte seint og grundig. Johannes Golmen vart til slutt lei av alle spørsmåla, og spurde kva alt dette skulle vera godt for. Vågland svara omtrent slik: "Desto lenger tid eg brukar på utspørjinga, desto større forsprang får karane". Tyskaren som var med var nok ikkje særleg kunnig i norsk, og trudde sikkert han var vitne til ei nidkjær overhøyring!

Hjelp frå øybuarane

Andrew Gjertsen og Anders Merkesdal tok seg fram til plassen Østmark på Sør-Halsnes. Der fekk dei kontakt med Erik og Hans Åsen, som var der for å hjelpa til med trøskinga. Gjertsen og Merkesdal bad om å få skyss over fjorden, og Hans Åsen tok dei over til Magnhildberget i Straumsnes (noverande Tingvoll kommune). Herifrå kom dei seg vidare til Romsdalen.

Leif A. Larsen og dei fire andre karane kom seg opp til Jørgenvågvatnet. Der fann dei ei hytte som dei overnatta i, denne hytta er no riven. Dagen etter gjekk dei til garden Ersvika (på sørsida av Tustna), der familien Åsen budde. På vegen trefte dei på ein lokal nazist. Denne mannen fekk mistanke til dei fem "engelskmennene", men foretok seg ikkje noko. Larsen og dei andre skjøna kva slags kar dei hadde med å gjera, og hadde mest lyst til å skyta han på flekken. Men dei let det vera av omsyn til øybuarane. Frå Åsen-familien fekk dei fem karane låna ein båt, og med den kom dei seg over til Magnhildberget. Herifrå tok dei seg til Averøya.

Intensiverte forhøyr

Dottera i Åsen-familien, Ingeborg (som seinare vart gift med Per Vatten frå Halsa), har fortalt i bokform om det familien opplevde i desse dagane. Dei tre neste avsnitta byggjer på opplysningar frå denne boka, som har tittelen "Under Nordmørsfjell", utgjeve i 1975.


Kort tid etter at Leif Larsen og følgjet hans hadde rodd over til Magnhildberget, fekk folket i Ersvika besøk av den lokale nazisten. Han hadde nok litt mistanke til familien. Nazisten påstod at han hadde voge noko korn gale, og måtte kontrollera dette. "Vi skalv i knea, fraus nedover ryggen alle saman, men freista vera så naturleg som mogleg (...)" skriv Ingeborg Åsen Vatten om denne opplevinga. Men det gjekk bra, nazisten fekk ikkje snusen i noko.

Politiet og tyskarane kom også innom Ersvika for å spørja ut folket. Karane på garden (Erik og Hans) gøymde seg vekk, og det var Ingeborg og mora Ildri som måtte svara for seg så godt dei kunne. Dei sa at dei hadde ikkje sett eller høyrt noko som helst uvanleg. To dagar etter kom Erik Åsen attende til garden. Han kunne fortelja at tyskarane no hadde sett fram trugsmål om å ta gislar på Tustna, om ikkje nokon gav opplysningar om kvar sjøfolka var. For å unngå at situasjonen vart tilspissa, melde Erik Åsen frå om at det hadde vorte stole ein båt frå naustet deira.

Etter dette vart forhøyra intensiverte, og karfolka rømde igjen frå garden. Grunnen til dette var bl.a. at dei ville samrå seg med dei andre som hadde hjelpt Shetlands-gjengen, slik at ingen skulle forsnakka seg. Forhøyra pågjekk heile sommaren, og til slutt måtte karane i Ersvika også til pers. Men ingen røpa noko som helst om motstandsfolka som hadde vore innom øya.

Dramatisk flukt

Gruppa til Leif Larsen kom seg frå Kvernes på Averøya, via Eide og Fræna til Vestnes sør for Moldefjorden. Frå Vestnes gjekk dei til bygda Fiksdal, og herifrå fekk dei bilskyss til Søviknes. På vegen måtte dei gjennom ein tysk vaktpost, men berga seg utan dramatikk. På Søviknes vart gruppa oppdaga av politiet, og måtte koma seg vekk i ein fart. Dei stal difor ei skøyte som låg på fjorden, "Arthur". Kursen vart sett mot Shetland, og dei fem karane var velberga framme i Lerwick 31. oktober.

Andrew Gjertsen og Anders Merkesdal hadde også ei dramatisk fIukt. Dei vart mellom anna liggjande innsnødde på eit hytte i Åndalsnes-fjella i fem døger, og var fleire gonger nære på å verta oppdaga av tyske vaktpostar. Men ved hjelp av lokale folk kom dei seg etter kvart over til Bulandet i Sogn. 20. november vart dei med ein båt frå Bulandet over til Shetland. Det vart ein hard overfart, men to dagar seinare var dei framme, om lag ein månad etter Leif Larsen og dei andre som havarerte med "Nordsjøen"

Share to