• Photo: Knud Knudsen, Norsk Jernbanemuseums samling
    (Copyright)
  • (Copyright)
  • Photo: Herman Neupert
    (Copyright)

Spisevogna

Dei rullande restaurantane sto ikkje noko tilbake for dei vanlege. Menyane syner eit variert, norsk tilbod i mat og drikke. Vogna opna så fort alt var på plass ved avgang. For servitørane, som hadde provisjon av salet, var det om å gjera å ha stor omsetjing. Det var frå 34–40 plassar i restaurantdelen av vogna, og i ferietida gjekk servitørane gjennom toget og tok opp påmelding og delte inn i puljar om det var mange som ville ete.

«Bjelleklang»
Spisevogna var ein rullande restaurant med eit ørlite kjøken og anretning. På kjøkenet vart all maten laga, berre kraft til saus og nokre ferdige steiker kunne vera laga på førehand. Oppvasken måtte dei gjera mellom kvar bordsetting, då det var knapt med servise og bestikk. Vogna fekk likevel kallenamnet «Bjelleklang» av dei tilsette, der koppar og kar skramla i takt med vogna. Komfyren vart fyrt med kol, noko som gjorde at temperaturen i kjøkenet kunne verte sers høg sommartid. Opne vindauge slepte inn sot og røyk frå lokomotivet.

Gjekk i alle langdistansetog
Det var opp til sju tilsette i vogna, servitør(ar), kokke(r), kaldjomfru, oppvaskjente(r) og kassadame.
I 1919 vart Norsk Spisevognselskap danna og det vart etter kvart sett inn spisevogner på alle langdistansebanene i landet, og i toga som gjekk utanlands. I 1975 vart Norsk Spisevognselskap ein del av Narvesen Togservice som lenge hadde hatt monopol på kiosksal på stasjonane. Den siste spisevogna gjekk over fjellet 29.desember 1995, og mange ønskjer tida med kvite dukar, porselensservise, bestikk i metall og koselege servitørar attende på sporet.

Share to