• Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Bygdevegen gjennom Kossdalen

Men, i kraft av å vere den einaste, var den også viktig for all landtrafikk til nordsida av Osterøy, og blei først i 1950-åra avlasta av ein ny køyreveg langs vestsida av øya. Dei spesielle Kossdalssvingane var då for lengst innhenta av tidas tann. For hestekøyrety gjekk det greitt, men bilar hadde ingen sjansar til å klare dei brå svingane.

Kossdalssvingane 

Kossdalssvingane er det finaste partiet på vegen. Her snirklar 17 hårnålssvingar seg oppover Kossdalsskaret med ei gjennomsnittleg stiging på 27%. Den stabbesteinsette vegstrekninga er faktisk nær 400 meter frå ende til ende gjennom det omtrent 175 meter lange skaret, og representerer ei perle i vår vestnorske veghistorie.

På to små berghyller i fjellveggen ved foten av svingane ligg ein del småstein. Dei har ikkje kome dit på naturleg vis, men er spor etter ei konkurranse ungdomen brukte å ha når dei passerte i gamle dagar. Frå vegen heiv ein stein mot berghyllene, og blei 3 på rad liggjande, var det gjævt. Framleis hender det at nokon prøver lykka, men det var helst besteforeldra og oldeforeldra til ungdomen i dag som var aktive i denne konkurransen.

«Lammastøkken»

I Kossdalssvingane går den sjuande svingen nedanfrå inn under den 5-7 meter djupe hellaren «Lammastøkken». Ved opninga ragar overhenget 10-15 meter over bakken, og skaper ly i nedbørstider. Det vert sagt at vegarbeidarane overnatta inni hellaren, og ei oppmuring, kanskje restane etter ei esse, er eit mogeleg fysisk spor frå denne tida. På fjellveggen ovanfor «essa» finst ein innhogd signatur – «M. Fosse 1905» - og også tydelege fargepigment etter påmåla inskripsjonar.

Konfirmantgrinda

Ovanfor Kossdalssvingane, på Svendheim, finst ei metallgrind med ei litt spesiell veghistorie. For kring 80 år sidan, kvar gong barna passerte på veg til konfirmasjonsførebuing, filte dei eit spor i jernet på grinda. Og sidan kvart årskull lagde spora i grupper, er det mogeleg å telle kor mange gonger kvart kull gjekk til presten.

Gammalt og nytt

Ein eldre oppbygd kløvveg gjekk tidlegare gjennom Kossdalen, og fleire stader er framleis stubbar av den synleg. Men den «nye» Kossdalsvegen blei bygd meir solid, med høge støttemurar, breiare køyrebane og rettare spor. I dag er også denne gått meir eller mindre ut av bruk, og har fått ein ny funksjon som turveg. I 1978 blei strekninga restaurert, den fekk nytt grusdekke, og blei skilta. Restane etter gamle utmarksbygningar og små bruk krydrar vegen undervegs.  

Share to