• Photo: Litografi av Losting.
    (Copyright)
  • Photo: Måleri av Pieter Isaacsz
    (Copyright)
  • (Copyright)

Den Trondhjemske Postveg

Ei tid før dette, i 1758, kom ei ny postforordning som mellom anna kravde nye og betre postvegar, og la til grunn ei vegbreidde på 3,5 meter, samt sa at vegen skulle ha grøfter på begge sider i flatt terreng. Den blei ein mal for utforminga av den Trondhjemske Postveg.

Nicolai Frederik Krohg 

Generalvegmeister nordenfjells (Trondheim og Bergen stift) mellom 1768 og 1801, Nicolai Frederik Krohg (1732-1801), var svært oppteken av å utbetre samferdsel til lands i Noreg. Han jobba hardt for saka, og mykje av vegbygginga i denne tida må han få forteneste for. At den Trondhjemske Postveg blei ein del av det faste postvegnettet i 1786, høyrer inn under merittane til den driftige generalvegmeisteren.

Men allereie i 1787, året etter, bad han om å bli friteken for arbeidet i Bergens stift. Arbeidsmengda hadde vakse seg altfor stor, og kanskje var det nettopp arbeidet med postvegen som fekk begeret til å flyte over?

Vegen vert utvikla 

Den Trondhjemske Postveg følgde fleire stader eldgamle ferdselsvegar, men der det var naudsynt fann den også nye far. Vegen vart stendig utvida og forbetra, men gjennom det første tiåret inn på 1800-talet kan vi seie at den stod meir eller mindre ferdig etter veginstruksen.

I byrjinga såg nok meinigmann få poeng i ein så brei rideveg. Den kunne nyttast av hest og kjerre/slede, men få hadde slike køyrety. Skulle ein reise langt var det dessutan lettare å ta båt. Men ver og vind gjorde havet mindre sikkert – posten kunne risikere å måtte vente i vekevis på at naturen skulle roe seg.

Etter kvart blei postvegen svært viktig som ferdselsveg, både til lokal bruk – hjulvogner blei meir og meir vanlege – og for reisande som skulle lengre. Trafikken tok seg opp og få stilte spørsmål kring eksistensen til vegen.

Men i 1860-åra skjedde ei dramatisk endring i ferdselsmønsteret på Vestlandet. Dampbåten gjorde sitt inntog, og allereie i 1866 blei vegen lagt ned ved kongeleg resolusjon. Vidare ut over 1800-talet og inn i det neste hundreåret blei fleire og fleire av strekningane til den Trondhjemske Postveg fysisk lagt om eller utvida så den ikkje var attkjennande. Likevel finst det framleis ganske mange delar langs ruta som er bevarte, som strekningane
• Sandviken – Eidsvåg
• Melingen – Falkanger
• Ervik – Rolland
• Trælevikjæ – Vågseidet (Lindås). 

Sjå eigne artiklar for kvar av strekningane!

Share to