• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Stalheimskleiva - minnesmerke over stor vegkunst

Et Kjæmpeværk i Veibygningskunsten, hvortil Scweitz neppe kan fremvise Magen, og som det øvrige Europa i alt Fald ikke eier noget Sidestykke til (Skilling-Magazin, 1851).

Chaussévegen 

Den knapt 2 kilometer lange Stalheimskleiva blei i hovudsak bygd mellom 1842 og 1849. Det var eit stort prosjekt med heile 1000 mann i arbeid, og ein var svært tidleg ute med å tilpasse seg krava til vegstandard ute i Europa. Vegen, som slyng seg nedover Stalheimsberget i 13-14 svingar, var ein del av den Bergenske Hovudveg mellom Bergen og Christiania, og var eit av våre første store byggeprosjekt etter den nye byggemoten, chausséteknikken. Det var om å gjere å leggje vegen i så mjuke linjer som mogeleg, og utan altfor stor helling. Maksimalt 20% var standarden. Slik kunne ein frakte større vekt for kvart lass ein hadde med seg. At «Kleiva» – som den ofte blir kalla – fekk ein gjennomsnittleg stiging på 20% dei 270 meterane frå botnen og heilt opp til Stalheim Hotel, var nok ikkje noko hestane sette altfor stor pris på med sine frå før tunge bører.

Krut og turistar 

For i det heile å klare å lage køyreveg i det bratte Stalheimsberget, måtte stein sprengjast bort og hyller lagast i fjellet. Krut blei nytta som sprengstoff – for dynamitten kom først 20 år seinare! Dei høge vegmurane blei mura heilt utan bindemiddel, og steinane tilpassa kvarandre som i eit puslespel. Langt utanfor landet gjekk det gjetord om dei «kunstmæssige» ytterveggane. Og at vegen var solid og godt bygd, ser vi den dag i dag. No blir den vel 150 år gamle «Kleiva» dagleg trafikkert av mange turistbussar i sommarhalvåret – om vinteren er vegen stengd – og likevel held den trafikken like sikkert som då dei første hestekjerrene snirkla seg oppover.

Utbetringar 

Men nokon justeringar har kome til undervegs. Utbetringar er føretekne, og kring 1934-35 blei svingane utvida slik at «Kleiva» skulle kunne trafikkerast med bilar. Ei smie i «Smisvingen» stammar frå dette arbeidet. I 1938 blei vegen opna for biltrafikk, og seinare utvida enno meir – ettersom trafikkbiletet endra seg. Det gamle vegdekket av grus og sand gav mykje støv og dårleg feste, og blei etter kvart dekt med asfalt.

«Vår mest utemmede villmark» 

No lever «Kleiva» eit stille tilvere som pensjonist. Den var ferdig med jobben som hovudveg mellom Voss og Gudvangen då den nye Riksvegen, lagt i to tunnelar under Stalheimskleiva, blei opna 15. juli 1980. Vegen opp Stalheimskleiva har gått over frå å vere ein bruksveg til å bli eit minnesmerke over stor vegkunst. Men i terrenget kringom dominerer framleis dei store, bratte fjellsidene i Nærødalen på begge sider, og gjer 1800-talsmennesket si kjensle av å ha temt den ville naturen handgripeleg.  

Freda

Stalheimskleiva vart i 2009 freda som kulturminne. Vegen har stor opplevelsesverdi og er ein attraktiv turistveg.

Share to