• Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • Photo: teikna av John Digernes (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • Photo: Atle Jenssen (Opphavsrett)

Eidfjord kommune

Grunnen til denne spesielle ordninga er at vegen for Stavangerbispens visitasreiser til Hallingdal og Valdres gjekk over fjellet frå Eidfjord. For at biskopen skulle kunne skriva ut skyss i sitt eige bispedømme, vart Eidfjord sokn lagt til Stavanger.

Skipreide og sjølvstende

Men i skipreideordninga høyrde Eidfjord til Hardanger. Eidfjord var eiga skipreide på 1200-talet; i seinare hundreår var Eidfjord og Ulvik i lag, i periodar saman med Granvin. Eidfjord fekk kommunalt sjølvstyre i 1891, men vart slått saman med Ullensvang i 1964. Etter ein seig kamp mot samanslåinga klarte så eidførene på ny, i 1977, å verta herre i eige hus, som dei var det i mellomalderen.

Stadnamn i Eidfjord

Eidfjord, Hæreid og Lægreid er namn som er lette å forstå: det høgareliggjande og lågareliggjande eidet ved fjorden. Simadal kan vere ei avleiing av eit eldre simi «reip», kanskje opphavleg om fjorden. (ofte skrive Sæd) tyder «garden ved sjøen», medan det noko yngre Kjeåsen har ordet (geite)kje i førsteleddet og fortel altså om husdyrhald.

Førsteleddet i Varberg (eigentleg Vardberg) heng saman med varde. Hjølmo er ei dativ fleirtalsform av gno. hjalmr «hjelm», her brukt om terrengformasjon. Måbø er ikkje sikkert tolka, førsteleddet kan vera eit mannstilnamn av gno. màr «måse». Den mektige Vøringsfossen ber namnet sitt med rette, av gno. virdingr «den vørdelege, agefulle». Halne, opphavleg namn på Halnefjorden, har vore sett i samband med eit ord som tyder «midtvegs», vel mellom Hallingdal og Hardanger. Sumtangen i Finnsbergvatnet kan setjast i samanheng med symja.
 

Share to