• (Opphavsrett)
  • Photo: Anne Marie Aastad Bråten (Opphavsrett)

Johanne Kolstad (1913-1997)

Johanne Kolstad var fødd 25. februar 1913 på småbruket Nygård i Nordre Land. Hoppinteressa i Nygård voks ikkje ut av ingenting. Faren, Kristian var snikkar og gav Johanne ski med sukkerknupp og heimelaga bindingar. Nordre Land Idrettsslag var på 1920- og 30-talet ein av dei største skiklubbane i Noreg, og i kretsen rundt skidynastia Vinjarengen og Kolterud fekk Johanne ta del.

Johanne er ikkje einaste kvinne i hoppbakken. Saman med den tre år yngre Hilda ”Nusse” Braskerud, også frå Dokka, er dei to om lidenskapen, to som banar veg. I januar 1931 deltek Johanne, 17 år, og Nusse, 14 år, i det fyrste ordinære hopprennet sitt, i Odnesbakken i Søndre Land, største hoppbakken i heile landet.
No var det ingen veg tilbake, karusellen var i gang. 

Sensasjonelle unge damer fekk ikkje utan vidare plass i prestisjetunge hoppkonkurransar, som til no hadde vore dominerte av menn. Johanne og Nusse blir i staden maskotar og underhaldningsfigurar, dei skal opne renna, dei er saltet på maten, og dei finn seg vel til rette.

Lyn skulle arrangere jubileumsrenn i Midtstubakken i Oslo, i månadsskiftet januar–februar 1931. Johanne og Nusse var i dagane før jubileet grundig omtala i dei store avisene. Dei var ”firtimeter-kvinnene”, trekkplastra, i godt selskap med Birger Ruud og Reidar Andersen. ”En ny tid er øiensynlig innvarslet,” melde dagspressa dagen etter rennet.

Etter oppvisinga i Midtstubakken melde det seg eit krav. Folket ville sjå ”firtimeter-kvinnene” i Holmenkollen. Spørsmålet vart lagt i hendene til Skiforeningen. Svaret var nei. Jentene skulle ikkje hoppe i Kollen. ”Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken,” uttala leiaren i Skiforeningen, major Finn Quale. Ryktet til nasjonalsporten stod på spel. Renommeet til bakken skulle ikkje øydeleggjast av unge pikebarn, utan vørdnad for gamle tradisjonar, utan vørdnad for sterke menn.

Nyheita om dei kvinnelege skihopparane nådde langt. Til Amerika. I 1933 kjem invitasjonen. Det var Norge Ski Club i Illinios i USA som bad jentene delta i oppvisingsrenn. Amerikanske aviser slo det stort opp, men måtte snart kunngjere at Nusse hadde meldt forfall. I byrjinga av januar 1933 skil Johanne og Nusse lag. Johanne er 20 år. No ventar Amerika.

Turen over Atlanterhavet vart eit møte med ein luksus og ein komfort Johanne ikkje trudde eksisterte. Passasjerskipet Aquitania legg til kai i New York. Her ventar eit stort pressekors. Boksaren og OL-meisteren Otto von Porat kunne melde fylgjande til Sportsmanden: ”Ved ankomsten her ble hun møtt av en stor menneskemasse, stasjonen var smykket med norske og amerikanske flagg, 50 guttemusikanter presterte sine lifligste toner, og tilslutt, måtte hun gå gjennom en æresvakt av skiklubben Norge, alle klædt i blå skidresser.”  

Amerika er eit vendepunkt. Livet er frå no av alt anna enn ordinært, og den norske yndlingen klatrar i gradane. I tre år har ho vore idrettskjendis, omtala som skiprinsessa. No er ho The Queen of Skis. I løpet av ein femårsperiode, frå 1933 til 1938, turnerer Johanne over heile Nord-Amerika. Fyrste oppvising er 25. januar 1933 i Carry-bakken, i Chicago. I avisene er Johanne annonsert som World Champion Woman Ski Jumper. Borgarmeisteren og 20 000 tilskodarar er til stades for å sjå Johanna. Arrangørane gnir seg i hendene, Johanna er ein suksess. Opphaldet i Chicago vart starten på ein livstil. Ho vart komfortabel med eiga deltaking innafor rammene av ein amerikansk underhaldningskultur, og ho forstod meir si eiga rolle som profesjonell idrettsutøvar. I løpet av opphaldet deltok ho i 25 renn, og ho besøkte 36 statar.

I tida før siste avreise tilbake til Norge skulle Johanne få oppleve fleire sportslege høgdepunkt. I hoppbakken Berlin i New Hampshire, 6. mars i 1938, sette Johanne endeleg punktum for hoppkarrieren. 72 meter, fjellstøtt på hålkeføre, var ny personleg rekord. Nokre dagar seinare mottek Johanne eit brev frå Gordon Brown, formann i 1938 Olympic Try-outs Committee, der han gratulerer Johanne og seier at hoppet er offisielt godkjent.

15. september 1938 dreg Johanne frå Amerika for siste gong.

Tida som ”The Wonder Girl” og sportskjendis er over. Skjebnen og samtida har innhenta ”The Queen of Skis”. Men Johanne gjev seg ikkje. Eitt eller anna må ho gjere. Johanne bestemmer seg for å reise til Valdres. Tre av syskena hennes bur her. På Løken hotell i Vestre Slidre tek ho seg arbeid som skiinstruktør og privatsjåfør. Det kan ho, iallfall. Løken hotell er også samlingsstad for bygde- og handelskarar. Ein av gjestene i restauranten er vestreslidringen Ole Torgerson Aastad. Han er 15 år eldre enn Johanne, arbeider som rutebileigar og -sjåfør. Ole er verdsett i heimbygda. I huset heime i Vang vantar berre ein ting: ei husmor. Ole er mannen som kan gje det Johanne er på leit etter – tryggleik.
Men Johanne finn seg ikkje til rette. Det er ikkje ved grytene ho tek ut kreftene sine. Saman med Ole er ho aktivt med i bygginga av hytter i vestfjella. Om vinteren fangar ho mink i åssidene, om hausten dreg ho på elgjakt med karane i jaktlaget. Det er her ho likar seg, saman med karane i bygda. Ho kjenner seg inkludert.
Då slit ho meir i samkvem med andre kvinner. Det passar liksom ikkje. Kva skal ho snakke med dei om? Det er greitt å halde avstand. Å skilje seg ut får konsekvensar, sosialt. Samfunnsnorma gjer henne taus og anonym. Livet er kjedeleg.

”Mor var alltid einsam,” fekk vi høyre som born. Vi syntest sjølvsagt synd på den gamle kroken. Ho var mykje åleine. Utanom sin eigen familie delte ho einsemda med sin eigen skjebne: alkoholen. Ein etter kvart vanskjøtta livsførsel vart også eit påskott for isolering og stigmatisering. Kven vil dele fellesskapet med ei rusa kvinne? Karar som drakk, var no så, men ei kvinne! Då var det lettare å søkje samhøyr med dei som delte same skjebne som henne sjølv.

Ei bestemor er ikkje berre ei bestemor. Ho er også noko meir. Johanne var så mykje meir, iallfall for ungane i familien, som velviljug lytta til historiene frå ei anna tid, forteljingar frå eit anna eventyr. Prinsessa heitte rettnok ikkje Askepott, men frk. Kolstad, slottet var Waldorf Astoria, og Soria Moria var i New York. Endeleg fann ho nokon som ville lytte – og som på ny beundra henne for prestasjonane hennar. 

Då Johanne Kolstad la hoppskia på hylla, var ho også gløymd. Blitslampa var sløkt. Jenta frå Nordre Land var ikkje lenger ”The flying Norsewoman”, sensasjonen i avisene. Men for tre barnebarn vart ”The Queen of Skis” hylla på nytt, ikkje med pokalar, men med nysgjerrige barneauge. Eventyret i Amerika lyste opp på idrettskvelven. Ho var ungane si store superstar.
Johanne Kolstad døydde på Vangsheimen i Vang i Valdres 5. september 1997.

Share to