• Photo: Heidi Albertinesdatter Haugene (Opphavsrett)
  • Photo: Heidi Albertinesdatter Haugene (Opphavsrett)

Undervisningsplansjar

Bilete som kunnskapsformidlar har vore i bruk sidan 1638, då J.A.Comenius skreiv og illustrerte den første læreboka: ”Verden i bilder”. Rundt om i Noreg har det vore bruka plansjar i undervisninga sidan slutten av 1800 talet. Og ved seinare tids forsking viser det seg at det er forskjell på plansjane ut i frå kor de finns. Til dømes så finns det ikkje trafikkplansjar på Kongsberg, ikkje så rart kanskje for på den tida då plansjane vart bruka var det ikkje stor trafikk på Kongsberg. Og på Jæren, i det kjente jordbruksområde finns det plansjar over traktormodellar, og dei finn vi ikkje att andre stader. Men plansjar over bibelsoga finn vi over heile landet, og det speglar læreplana som la sterk vekt på kristendomsundervisninga.
Ein av plansjane på Godøy Kystmuseum er den Metriske plansjen. Den vart bruka i undervisninga på den gamle skulen på Godøy, og vart laga av Ole Nilssen Lødøen, født 1861 i Hornindal. Det seies at han var ein av dei første som tok i bruk visuell undervisning i skulen. Han hadde mykje av oppfinnaren i seg, og var også kjent som læraren og oppfinnaren. Det vart og sagt at han hadde eit sjeldan praktisk grep på undervisninga.

Han tok lærarprøven ved Klæbo seminarium, jobba seinare på Frøya og Hitra før han slo seg ned att i Hornindal. Han vart då gardbrukar på heimplassen og lærar i Kjøs krins. Åra på Frøya og Hitra hadde inspirert han til å produsera fiskemodellar og fangstreiskap som han konstruerte som ein stor ”uro”. I dei lange vinterkveldane sat han med kniv, fil og sandpapir og skapte trestykke om til fiskar, målte dei og tok så modellane med i skulestova. Seinare tok han dette undervisningsapparatet med seg til den Skandinaviske utstillinga i Trondheim i 1908 kor han fekk sølvmedalje.
Det kom seinare bestillingar på dette undervisningsapparatet frå ei rekkje skular her i landet, noko som førte til ein stor produksjon av læremateriell.

Seinare kom han opp med: ”Gramatikkplansjar”, ”Plansje for metrisk mål og vekt, desimalsystemet”, ”Grafisk framstilling av musikkteoriens element” og sette ein melodi til ”den vesle multiplikasjonstabell”.
Han fekk ei rad stipend og også kongens fortenestemedalje for sin innsats som oppfinnar av skolemateriell.
Ei rekkje vitenskapsmenn og autoritetar som Professor G.O. Sars, Statsråd Wexelsen og Direktør Bonnevi uttala seg svært positiv om Lødøens arbeid.

Folkeskulelærar og forfattar A. Winel frå Finland skreiv etter skolemøtet i 1910 at:
"Lødøens gramatiktavlor var icke blott det nyaste utan det fornemste av alt som forekom på Nordiska skolemøtet i Stockholm i 1910. Denna åskodningsundervisning blir det 20. århundradets mest betydande uppfinning på språklærans område"
Han deltok også på verdsutstillinga i København i 1888.
 

Share to