• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909 : "Noki ord til oss som ikkje er totalsfolk."

"Eg trur um ein hadde vilgja gove ein gris brennevin han hadde ikkje likt det."

Noki ord til oss som ikkje er totalsfolk.

Me maa taka oss i var, at me ikkje gjer nokon skade for totalsfolki; at me ikkje rive ned paa arbeidet deira, medan dei balar paa og byggjer upp.

Kort sagt, at me ikkje stiller oss som noki forførarar mot totalsaki.

Det er paa so mange maatarne ein kann gjera skade.

Ein kann snakka ille um totalsaki, raa folk fraa aa skriva seg som totalistar: Gjeva seg til i lag med dessa kararne, som er so arge, dei timest ikkje gjeva ein dram, det er det som gjer, at dei skriv seg.

Men det er ikkje det verste, ein kann gjera.
Me kann gjera noko som er endaa verre, og det er til aa sjenkja folk sterk drikka. Me kann bruka rusdrikka som traktementa.
No er det det totalsfolki balar paa aa faa vekk.

Men naar me gjeng og jausnar med brennevinsflaska og skal spandera paa folk, daa bryt me ned paa arbeidet deira, og daa stiller me oss som noki forførarar mot totalsaki.

Lat oss vera einige um aa ikkje hava den syndi og den skammi paa oss, lova slutta med det, for det er ei tuski vara aa bjoda folk, berre aa faa ilt av.

Eg trur um ein hadde viljga gove ein gris brennevin han hadde ikkje likt det.

Dersom grisen var frisk og hadde vilgja gove han sterk rusdrikka so trur eg han hadde fenge ilt for bringa og det kunda hava hendt, at han hadde fenge det med uppkastelse han liksom dei andre svini som drikk for mykje,
so eg meinar me skulde vera samde med totalsfolki i aa gjera jag etter det, jaga etter det for aa verta det kvitt.

Verta utolig med det liksom kyrna, naar bjørnen kjem dei for ner.
Dei hev so mykje vit beisti, dei skapar seg forstyra, naar udyret nermar seg, antan søkjer dei udyret for aa setja horni i sida paa det, eller so flyr dei undan for aa berga livet.
Soleis kann dei fri seg fraa dei udyri, som dei er plaga av.

Dei hev aldri gjort so stor skade dei udyri, som me hev i marki, alle dei udyri tilsaman, som der er lovt premiar til burtryddelse, hev ikkje gjort so stor skade som rusdrikkaudyret hev gjort.

Men det rusdrikkaudyret kann me gaa og kjele med mann etter mann slegt etter slegt, ikkje koma oss til aa snakka høgt eller illa um det.

Det var ikkje for tidleg um me hadde lete upp augo våre for den landeplaga, som i aarhundrad hev brote ned paa vort folk og bringa sorg og elendigheit inn yver by og bygd, so det er ei gru og tenkje paa.

Ja, berre slutt med til aa bruka dei sterke drykkarne som noko traktemente, og viss me slutta med det, so meinar eg totalsfolki skulde vera fornøgde med oss og.

Dei skulde ikkje sjaa med rangauge paa oss; men heller rette kvarandre handi og beda kvarandre velkomne til det store arbeidet og rydde vekk brennevinsjevelen og beiersøljevelen og gjera jag etter rusdrykk udyret.

                                           B.B
 

Bladstyrar: Frik Brekke

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

Share to