• (Opphavsrett)
  • Photo: Trond Klungseth Lødøen (Opphavsrett)
  • Photo: Liv Byrkjeland (Opphavsrett)
  • Photo: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (Opphavsrett)
  • Photo: Finn Audun Grøndahl (Opphavsrett)
  • Photo: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum (Opphavsrett)

Bjørn i Sogn og Fjordane

Bjørnen har høyrt heime i Sogn og Fjordane

Med unnatak av dei siste hundre åra har det vore vanleg med mykje bjørn i Sogn og Fjordane. Gravfunn og helleristingar viser at bjørnen har hatt ein viktig posisjon i livet til menneska i mange tusen år (foto 2). 

Det var periodar med mykje bjørn i fylket både på 1500, 1600 og 1700- talet. Ein gong på 1500-talet drap ein mann i Luster 15 bjørnar i hiet "med sin staalbue, men blev selv dræbt under kampen med den 16de! (foto 3).

Mykje bjørn på 1800-talet

Amund Helland hevda at det på 1800-talet var tettast med bjørn på sørsida av Breimsvatnet, i Hyen, i Fjærland og øvst i Sogndalsdalen.

I liene inst i Mundalen i Fjærland som vert kalla Bjørnelegadn, hadde bjørnen faste liggjeplassar om sommaren ”hvorfra den har vid udsigt om dagen, og hvor den har sin soveplads om natten”. I 1900 var det lite bjørn att, og liggjeplassane forsvann ”da bjørnen holder paa at utryddes. Nu antager kyndige folk, at det blot er 3, høist 4 tilbage i hele Fjærland”, skreiv Amund Helland i 1901.

Det må ha vore mykje bjørn Utladalen i Årdal og, for der har det vore sett svært mykje bjørn (foto 4). Ein gong Olav Arnfinnson Melheim hogg tømmer i Vettisgjeli ein stad, såg han bjørn på tre ulike stader samtidig. Tindebestigaren William Cecil Slingsby fortel at budeiene på fjellgarden Vormeli i Jotunheimen måtte bruka lur, gevær og ei lita kanon for å halda bjørnen unna. Rundt 1820 vart det hevda at det var ingen stad i Noregs land det var så mykje bjørn som i Vormeli. Dei snakka om bjørneflokkar, og dei som budde på Vormeli levde mest av kjærleik og bjørnekjøt (foto 5).

Folk tilpassa seg først rovdyra ved å gjete husdyra og bruke rovdyrhundar. Det hende at dei måtte brenne store bål for å halde rovdyra unna. Husdyrfjøs måtte byggjast ”bjønnsikre”, særleg kalvefjøsane. Det hende at bjørnen reiv av både bordkledning og tak på uthus for å kome seg inn.

Bjørnejakt

Det var ikkje uvanleg at jegeren vart drepen av ein skadeskoten bjørn. Å slåst med bjørnen vart rekna som sjølvmord, og den som døydde kunne difor ikkje gravleggjast i vigsla jord. Det finst mange dramatiske jakthistoriar frå slutten av 1800-talet både frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Elska og frykta

Det finst knapt noko dyr har folk eit så splitta forhold til som bjørnen. Bjørnen er og eit høgt elska dyr, og er det dyret som er vanlegast som mannsnamn. Bjørnen symboliserar både styrke og kos. Berre tenk på kosebamsen og Ole Brumm! Sjølv om bjørnen har vore rekna som eit skadedyr og udyr, har folk også hatt varme kjensler for dyret. Det var ikkje uvanleg å ta med seg bjørnungar heim for å ha dei til husdyr eller sikrusdyr.

Magisk kraft 

Bjørnen hadde også magisk kraft. Det har vore  vanleg å bruke bjørnelabbar til helbreding av sjukomar. Dei vart og brukt til å stryke over magen på gravide for å lette fødslen (foto 6).

Mannbjørn

Mannbjørn er eit menneske som blir forvandla til ein bjørn. Det må sjølvsagt trolldom og magi til når menneske skal bli mannbjørn. Her er ei typisk mannbjørnhistorie : Somme menneske kunne gå i bjørneham. Det var farleg både for dei sjølve og vanlege folk. Ein gong ein mann og ei kone var ute og slo, vart mannen så underleg og byrja å stire framfor seg. ”Eg blir borte ei stund”, sa han til kona, ”og kjem det bjørn medan eg er vekke, så får du kaste forkledet ditt til han, så har han noko å bale med”. Det gjekk berre ei lita stund, så kom ein fæl bjørn brølande mot dei. Kona reiv forkledet av seg og heiv det i kjeften på bjørnen. Han reiv det i filler og for sin veg. Ei stund etter kom mannen att og heldt fram med arbeidet, trøytt og andpusten. Då dei sat og åt om kvelden, såg kona at det hang filler frå forkledet hennar mellom tennene til mannen. Då forstod ho at mannen hennar var mannbjørn.
Det var det inga råd med, for det var lagnaden hans, meinte kona.

 

 

 

,

Share to