Sju stemmer
Sagbruket skulle også produsera tønner, og det utvikla seg snart til ein tønnefabrikk. Ei smie tok seg i utgangspunktet av behova på Åstveit, men byrja seinare også produksjon av vogner, mellom anna bakarvogner til Martens, ølvogner og torgvogner. For å skaffa vatn til industrianlegga sine fekk Meyer bygd i alt sju stemmer (demningar). Mellom desse var Kanalen (Åstveitvatnet), Griggastemma, Sjurastemma og Skogsvatnet. Mange av dei som bygde stemmene, kom frå Sverige.
Mølleverksemda
I 1866 stod mølle nr. to ferdig. Møllene sysselsette 4-6 personar, men var ikkje alltid i drift gjennom heile året. Ca. 6500 tønner korn vart malte i 1870. Det var hard konkurranse innan møllenæringa i Bergens-området i siste del av 1800-talet, og møllene på Åstveit blei for små til å hevda seg. Den siste mølla var i drift til 1893. Røykeriet ved Åstveitvågen, som først og fremst hadde røykt sild, blei også avvikla på denne tida.
Tønneproduksjonen
Tønnefabrikken overtok både møllene og røykeribygningen, som vart demontert og flytta til Eidsvågen. Meyer var den første med fabrikkproduksjon av sildestønner i Noreg. Tønnene, som var sterke og veleigna for transport over lange avstandar, hausta lovord og prisar, mellom anna på verdsutstillinga i Paris i 1867. Om lag 20 personar arbeidde i tønnefabrikken. Innflyttarar frå Sunnfjord utgjorde fleirtalet. Arbeidarbustader vart reiste i nærleiken av fabrikken. Gustav Meyer var litt av ein oppfinnar. Mange av maskinene i fabrikken hadde han sjølv laga i smia på Åstveit. For å skaffa tønneband fekk Meyer planta hasselskogen i Kudalen. Fabrikken måtte i tillegg kjøpa tønneband, som kom i skipslaster til Åstveit. Mange ungdomar i området strøymde til for å tena litt pengar på lossing. Tønnefabrikken brann ned i 1880, men vart raskt gjenoppbygd.
Bøkkerverkstad
Lyder Fredrik Meyer, son til Gustav Meyer, overtok industrianlegget etter at faren døydde i 1888. Kring 1900 vart det produsert ca. 30 000 tønner årleg. Hans Jakob Koht, gift med søster til L.M. Meyer si kone, etablerte ein bøkkerverkstad i tilknytning til tønnefabrikken. I 1900 hadde denne verksemda åtte tilsette. Tønneproduksjonen gjekk godt til første del av 1920-åra, men vart så ramma av dårlege konjunkturar. Det enda med oppkjøp og avvikling i 1933. Seinare kom det ulike verksemder på staden. Mølledelen av fabrikkanlegget vart rive i 1940-åra. Det same skjedde i 1990-åra med sjølve tønnefabrikken, forutan smie, fyrhus og spisebrakke. Det er difor i første rekkje stemmene som framleis minner om den tidlege industrireisinga på Åstveit.