• Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Grendavegen mellom Bjotveit og Bu

Med livet som innsats

Ut frå skriftlege kjelder høyrer vi at den dåverande kløvvegen mellom Kinsarvik og Bu i 1778 var så dårleg at folk måtte ferdast med livet som innsats langs fjorden. I 1822 ville innbyggjarane på Bu gjere utbetringar på vegen, og søkte futen om å få gjere dette mot å sleppe arbeid på anna rotelagd veg (truleg Odda - Røldal). Avslaget på søknaden vart grunngjeve med at det ville ta alt for lang tid før vegen kunne nyttast av andre enn dei sjølve til at det var noko det offentlege kunne finansiera.

Lang prosess

Over 50 år skulle det gå før folket på Bu i 1874 endeleg fekk positivt tilsegn på ønsket sitt om finansiering av vegen. Då vart både tilskot til grendavegen mellom Ringøy og Bu og mellom Ringøy og Tveisme gjeven. Heile 33 år seinare, i 1907, kunne endeleg den ferdige vegen til grendasenteret Ringøy opnast. No kunne ein koma seg trygt med hest og kjerre mellom dei to grendasentraa og trengte ikkje lengre å bruka den farlege kløvstigen langs landjorda.

Nyevegen

Men grendavegen vart berre hovudveg i nokre tiår. I perioden 1920 - 1930 bygde ein den 3 meter breie hovudvegen (no riksveg) mellom Kinsarvik og Bu. På strekket Ringøy - Bjotveit gjekk nyevegen i same faret som grendavegen, men frå Bjotveit til Bu tok han ei litt anna løype. Medan grendavegen gjekk heilt nede ved fjorden blei den nye vegen bygd lengre opp i lia.

Teken vare på

Dette har ført til at 7,7 kilometer av den gamle grendavegen no er teken vare på. Det vil seie heile strekninga mellom Bjotveit og Bu sett bort frå ein bit ved Blakahammar. Her har stein frå sprenging av Blakahammartunnelen rasa over vegen og eit stykke manglar.

Kulturminne langs vegen

Det er fleire spennande stader og kulturminne å oppleve langs grendavegen. Til dømes går han forbi Busnes kor ein finn naustrekkja og båtstøer til folket på Bu. Der ligg også murane etter husmannsplassen Busnes som var busett mellom 1837-1928. Altså fram til den nye køyrevegen sto ferdig mellom Bu og Kinsarvik. Det vert fortald at husmannsfolket på Busnes mellom anna livnærte seg av å selde brennevin til fjordfarande og folk som kom langs den gamle grendavegen.
 

Share to