• Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Teikna av Marvin Halleraker (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Sager og kvern på Mollandseid

Vassdrive

I 1723 hadde gardane Molland og Reknes eit kvernhus i sameige. Om det er det same kvernhuset som står her i dag, veit vi ikkje sikkert. I 1804 søkte oppsitjarane på Molland om kongeleg løyve til å driva sag. Denne er no borte; truleg må dette har vore ei oppgangssag. Sirkelsagene, som står her i dag, er truleg frå 1870-åra, men framleis drivne med vasskraft.

Tømmer i byte mot fisk

Sagene i Mollandsvågen låg lagleg til for å skipa skurlast vidare, men strevsamt må det ha vore å få tømmeret fram til saga. I Masfjorden er det gode skogsbygder, og brukarane har hatt gode inntekter av skogen. Ein del skurlast gjekk til Bergen, men mykje vart selt - eller bytt mot fisk - til folk fra Austrheim, Fedje og Gulen. Dette er eit klassisk tema i Nordhordlands næringsøkonomi, heilt sidan mellomalderen: tømmer og stover frå dei indre skogsbygdene i byte mot fisk fra havbygdene. Både stovetømmer og ferdige hus har vore henta i Masfjorden til småbruka på kysten. 

Sagbruket og kverna var i bruk til etter den andre verdskrigen.
 

Share to