• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Ola H. Dvergsdal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Bureisinga i Dvergsdalsdalen

Bureisingsbylgja i tjue og trettiåra var eit resultat av, og eit mottrekk mot den verdsomspennande finanskrisa som då rådde

.

 Frå USA til Dvergsdalsdalen

 Min bestefar, Henrik D. Dvergsdal var, som så mange andre jølstringar over "Dammen" for å prøve lukka. Siste gongen han var over hadde han kone og to born. Det var meininga at desse etter kvart skulle komme etter, og at alle skulle busetje seg i Canada, der han arbeidde under siste opphaldet på andre sida av Atlanteren.

 Sjukdom endra desse planene

Vinteren 1927 vart Henrik sjuk og vart liggande på sjukehus. Dermed bestemte han seg for å avbryte opphaldet i Canada og han kom heim om sommaren same året. Han kom heim til eitt av dei fattigaste landa i Europa og til eit Jølster utan mogelegheit for arbeid for ein utan gard. Bestefar var frå gard, men denne var overteken av ein eldre bror. Dermed tok han til å sjå seg om etter ein gard å kjøpe. Gardar til sals var det mange av på den tida, grunna dei dårlege tidene, men enten var dei for dyre eller så var dei for dårlege.
 

Svigerfaren vart løysinga.

 

Henrik var gift med ei dame frå Myklebust, Jensina frå bruket "Jotunet". Dette bruket hadde, tilliks med dei andre bruka på Myklebust, utmarksslått oppe i Myklebustdalen. Der hadde Henrik mange gonger vore med på slåtten, og her var han godt kjend. Området der desse slåtteteigane låg vart kalla Løgarden, etter alle utmarksløene som låg der. Beste slåtteteigane låg nede ved elva som renn gjennom den flate dalen, og her på gammal elveslette var det tørt og jorda var god. Her såg han føre seg at det kunne ryddast ein gard. 
Etter ei tid vart det gjort avtale med svigerfaren om å kjøpe ein del av dette området, omlag 45 dekar, og prisen på 1500 kr vart gjort opp med innfriing av eit lån som Henrik Hadde gitt svigerfaren i samband med bygging av ny driftsbygning. Dermed var det klart for plogen og den første fåra vart pløygd hausten 1929.

Ny jordlov

I 1928 fekk vi ei ny jordlov som gjorde det mogeleg å oreigne jord til bureising. Det vart også etablert ordningar med tilskot og lån til nydyrking og husbygging. Dette sette i gong ei veldig bylgje av bureising over heile landet, og vart eit viktig tiltak mot nedgongstidene som rådde. Dette var nok også hovudårsaka til at min bestefar hamna oppe i Dvergsdalsdalen og ikkje i Canada.

Den første avlinga og første huset

Sommaren og hausten 1930 kom den første avlinga i hus. Det var litt bygg ( dyrka 450 moh ) og litt høy, nok til eit par sauer han hadde ståande hos svigerfaren på Myklebust. Denne første avlinga var ikkje rare greiene, men ei storhending og eit prov på at bureisaren no hadde eiga jord i produksjon. Hest hadde han ikkje i starten, men lånte hos slekta i Dvergsdalen, der han var i frå, og frå svigerfaren og andre på Myklebust. 
 Det måtte sjølvsagt også hus til, og stova vart bygd dette året, i 1930. Under arbeidet med denne budde Henrik, og dei han hadde med seg, i eit lite skur som han rigga til intil ein stor stein. Slik levde han som "vekependlar" heile sommaren og hausten.

Flyttedagen

Flyttedagen var i mai 1931. Då flytte Henrik til dals med kone, 4 born, 4 smågriser, 2 sauer, 2 høner og ei geit. I tillegg hadde dei sjølvsagt med seg det mest naudsynte av utstyr til huset og mat. Den nybygde stova var ikkje store greiene, 25-30 kvm pluss eit lite bislag og eit lite loftsrom. Der skulle 6 menneske leve og bu, og det vart etter kvart fleire. Straum og telefon var der sjølvsagt ikkje, heller ikkje veg. Til næraste naboar var der omlag 4 km, enten dei reiste ned til Dvergsdal, eller til Myklebust. Ned til Jølstravatnet måtte dei for å treffe folk og vegen dit var både bratt og kronglete. Spesielt vintersdagen i snøstorm og mørke kunne den turen vere ei strevsam oppleving. Spesielt ille var dette med vegløysa for borna som måtte ned i bygda for å gå på skule. Var veret for dårleg måtte dei berre overnatte hos besteforeldra på Myklebust. Det skulle gå 26 år før det kom bilveg til gards. Denne vegen kom opp frå Dvergsdalen og ikkje frå Myklebust som Henrik først hadde tenkt seg. Dette hadde å gjere med at bureisarbruka som kom til seinare var utskilde frå Dvergsdal.

Fjøsbygging

Å få opp fjøs var ei prioritert oppgåve i starten. Løa og gjødselkjellaren kom opp sommaren / hausten 1931, resten i 1934.Gjødselkjellaren vart nytta til fjøs dei første åra og hausten 1931 var ku med kalv, hest, sauer, geit og griser på plass. Grisene vart selde like før jul, men mangel på rett grisefor gjorde at desse slakta kun henta inn 48 kr. Dermed var det slutt på griseproduksjon for sal, og for ettertida var det kun snakk om ein gris til eige bruk.

Ulukke og sorg

Under bygging av fjøsen sommaren 1934, vart bureisarhuslyden råka av ei tragisk hending. Den minste av borna, ein gut, ramla ned frå fjøsmuren og trefte ein stein med hovudet. Han døydde like etter. Ein skulle tru at ei slik hending kunne få dei til å gje opp, men det skjedde ikkje. Livet gjekk vidare, fjøsen vart bygd ferdig og bruket var såleis ferdig etablert på ein måte. Det kom også to born til etter kvart.

Endeleg kom det naboar.

Henrik og huslyden hans var åleine i øydemarka fram til 1938. Då kom Anders og Jenny Dvergsdal flyttande med sine born. Dette var ei storhending, endeleg var det komne naboar og endeleg var det råd å treffe folk utan å mått reise heilt ned i bygda. Den første Julafta etter at den nye huslyden var på plass, reiste bestefar med alle sine på besøk til dei nye naboane, sjølv om det sjølvsagt ikkje var vanleg å gjere slikt på Julafta. I 1940 kom så Nils og Emma Dvergsdal og i 1945 Daniel og Ingly Sunde. Dei siste, Sigmund og Oddny Sunde kom først på slutten av 60-talet. Nils og Emma fekk eit kort liv som bureisarar. Begge døydde tidleg på femti-talet, og let etter seg tre mindreårige born. Eit sjette bruk var også påtenkt. Lars Dvergsdal hadde bygd og dyrka jord, men ein uvanleg hard austavindstorm tok løa på slutten av 30-talet og dermed vart bureisarplanene skrinlagde.

Lite å bli feit av den første tida

Dei statlege tilskota til dyrking var den første tida 180 kr. målet for nydyrking og 1800 kr til husbygging, men dette var pengar som vart utbetalte på etterskot. Å skaffe kontantar var ikkje enkelt i denne tida, ei tid då det nesten ikkje fanst pengar mellom folk. Inntekter på bruket vart det sjølvsagt lite av, og for å skaffe nokre kroner vart det selt ved, never og bork. Bestefar for også rundt og slakta litt på gardane og var med på fjøsbygging hos svogeren på yklebust til 3 kroner dagen. Dyra var dei også uheldige med i starten. Lam forsvant om våren og kyr vart sjuke, ei kreperte også. Det var i det heile eit slit og ein kamp for tilværet som er vanskeleg å førestille seg i dag. Mange meinte også at denne bureisinga var galskap og at det ikkje ville gå an å bu på ein slik plass i lengda.

Krig og nye utfordringar

I 1940 kom så krigen og dermed nye utfordringar. Bestefar hadde kjøpt inn eit lass med mjøl i 1939, og gjekk såleis klar dei verste verknadane av rasjoneringa som kom seinare. Bruket hadde i 1940 20 da dyrka jord, og i fjøsen sto der 3 kyr, hest og sju-åtte sauer. Det vart dyrka korn under heile krigen, mest bygg, men også litt kveite. Våren kom tidleg i krigsåra, bortsett frå 1940, og kornet vart sådd rundt 1. mai. Naturalhushald hadde det vore før, og dette vart sjølvsagt forsterka under krigen med knappheit på det meste som var å få kjøpt. Lite vart selt og lite kjøpt, men bureisarane kom seg gjennom krigsåra og kunne, tilliks med andre, sjå lysare tider i møte då krigen endeleg tok slutt.

Endeleg veg

Vegspørsmålet som hadde lege der lenge, fekk litt framdrift i 1948 i og med ei lita kommunal løyving til oppstart av vegarbeidet. Dvergsdølingane hadde lenge hatt kjerreveg opp til stølen sin, og det var også laga ein slags veg over myrane bort til bruket til Anders og Nils. Dette var torv som var teken opp og lagd utover myra og som fungerte bra så lenge det var tørt. Den nye vegen vart stort sett bygd på dugnad og ein del innsamla midlar, tilsaman 1251 kr. Det vart nytta både lastebil og bulldozar på slutten, og i 1957 var vegen ferdig. I 1953 kom det straum på plass og alle hadde  telefon frå 1957. I 1957 kom også den første traktoren, noko som markerte starten på ei ny og langt lettare tid når det galdt jordbruket.

Eigen skule

At det etter kvart var komne fire huslydar på plass i bureisargrenda, gjorde til at det kom krav om eigen skule, slik at borna kunne sleppe den lange skulevegen ned til bygda. I 1947 vart skulen starta opp og det var skule i dalen fram til 1972. I førstninga var skulen på loftet hos Anders og Jenny, sidan flytte den rundt mellom ymse lokale, mest hytter, og vinteren 1961/62 var dette minste skulen i landet med 4 elevar.

Nydyrkinga skaut fart

Det meste av jorda i Dvergsdalsdalen vart dyrka mellom slutten av femt-iåra og midten av nitti-åra. På slutten av femtitalet kom , som sagt, traktoren i bruk og litt seinare også gravemaskiner og bulldozar. Alle bruka vart utvida etter utskiftning tidleg på seksti-talet. Henrik prøvde seg også på ei oreigning i 1938. Han prøvde å få tak i 38 mål, men måtte gje seg med 8, til 50 og 70 kroner for målet. I alt er det dyrka langt over 1000 dekar i dalen og meir er på gong. Strukturasjonalisering som samdrift, er moment som pregar jordbruket også her i dag. Eit par av bruka er fråflytta, men jorda blir driven.

Han vart ikkje gammal, den første bureisaren.

Henrik D. Dvergsdal døydde som ein sliten mann i 1964, 72 år gammal. Kona, Jensina, levde til 1980, og var 81 år då ho døydde. Medan Henrik levde, vart han heidra med Ny Jord sin diplom i 1948 og Sogn og Fjordane Landbruksselskap si gullmedalje for nydyrking og skogplanting under vanskelege tilhøve i 1962. Jenny, som var den andre av bureisarkonene, lever enno, i ein alder av 101år ( 2012 )

Kva så?

Det har skjedd mykje i bureisargrenda sidan den første plogen vart sett i jorda for 80 år sidan. Kva som vil skje dei neste 80 åra, veit ingen. Men det ein veit er at menneska vil trenge mat også i framtida. Om denne maten skal produserast i ei bureisargrend rundt 500 moh, eller andre stader, det er eit politisk spørsmål.


 

Share to