• Photo: Randi Ida N. Rønning (Opphavsrett)
  • Photo: R.S. Berthinussen (Opphavsrett)
  • Photo: Randi Ida N. Rønning (Opphavsrett)
  • Photo: Randi Ida N. Rønning (Opphavsrett)

”Bedehuset og dertil tilhørende”. Eit prosjekt i Kulturminneåret 2009

Dagliglivets kulturminne

Tidligare hadde kvar bygd sitt bedehus, reist av bygdafolket på dugnad. Og det vart ikkje berre bruka i religiøse samanhengar. Her hadde gjerne andre lag og organisasjonar også sine møte. Ofte vart det bruka som stemmelokale, og det var ikkje uvanlig at gravferder vart haldne her. Bedehuset var forløparen til allbrukshuset.
Det fine bedehuset Klippen hadde i mange år eit avsides tilvere, før det i år vart flytta og gjenreist på Kvernes, og fekk nytt liv som kyrkjestue og opent kultur- og aktivitetshus. Huset har vorte eit samlingspunkt for fastbuande og besøkande. Ringen er slutta!
For å markere at dette store prosjektet snart er ferdig og som ein del av kulturminneåret, feira ein den gamle bedehuskulturen med ei utstilling og ein fest.
Her var prat og latter over flintservisa, og her var dei store kaffekjelane av koppar. Lukta av vaflar satt i veggane. Og der hang dei oppbyggelige bilda. Og songen! Ei musikkgruppe song gamle bedehussalmar til akkompagnement av sitter og gitar. Men her var ingen emmisær. I staden kåserte Bjørn Austigard engasjert om bedehushistorie og bedehuskultur.
Det var ein vakker kveld.
 

Share to