• Photo: Johannes Petter Lindegaard (1800-talet) (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjend (Internet) (Opphavsrett)
  • Photo: Norsk Kulturråd (Opphavsrett)
  • Photo: IMSLP.org (Opphavsrett)

Lindeman den Store

For oss nordmøringar er det ekstra ære og glede å heidra Lindeman fordi han kjem frå ei stor musikalsk slekt frå Nordmøre og Trøndelag. Faren, komponisten Ole Andreas Lindeman, var surnadøl, sorenskrivarson og elev av Israel Gottlieb Wernicke frå Bergen, og Wernicke var elev av Johann Philipp Kirnberger som i si tid var elev av C.Ph.E. Bach, sonen til J.S. Bach, so kom då Lindeman-slekta slik inn under rett lærar-elev-linje heilt frå sjølvaste Bach og dermed vart dei sterkt prega og hevdsbundne til Bach sin polyfoni fleire generasjonar framover. (Det var for resten Ole Andreas Lindeman som i lag med Johan Henrik Berlin hadde skipa Det Throndhjemske Kammermusikalske Selskab i 1786.) Sjølve Ludvig Mathias, sjuande barnet i familien, var fødd i Trondheim den 28. november 1812. Alt som 11 – 12-åring byrja han å vikariera som organist i Vor Frue kirke i byen. I 1833 fòr han til Christiania for å studera teologi og musikk. Teologistudium fullførte han aldri; i staden byrja han som organistvikar for bror sin Jacob Andreas i Vor Frelsers kirke, no Oslo Domkyrkje. Frå 1839 og fram til sin død 23. mai 1887 var han fast organist i denne kyrkja.
Lindeman var ikkje berre kyrkjemusikar og organist. Han spelte ogso cello og kontrabass, dirigerte kor og underviste i kyrkje- og skulesong, musikkteori og sjølvsagt orgel. Samans med sonen Peter (1858 – 1930) skipa han i 1883 ein sokalla «Organistskule» som ganske straks utvikla seg til det fyrste musikkonservatoriet i landet. Millom fleire Lindeman-elevar kann ein nemna tri store komponistnamn: Johan Svendsen, Hjalmar Borgstrøm og Johannes Haarklou. Og samarbeidet med M.B. Landstad um hans Reviderte Salmebok (Lindeman komponerte ikkje berre salmemelodiar til Landstad sine dikt og umsetjingar, men ikkje minst laga koralbok til Landstad si bok) utvida sine grenser: Landstad og Moe si folkvisesamling gjorde Lindeman djupt interessert i folkemusikk (interessa han eigentleg hadde havt sidan sine unge år), og sluttsatsen var fleire folkemusikksamlingar av Lindeman sjølv, den største av dei er «Ældre og nyere norske Fjeldmelodier» i fleire hefte. Samlinga umfattar båe religiøse og verdslege folketonar i fleire sjangrar, m.m. bansullar, kjempevisor, instrumentale slåttar. Det var melodiar frå Lindeman si samling som Edvard Grieg brukte i sine «Fire Salmer» for kor - det siste verket som den sjuke Grieg hadde fullført sjølv. Lindeman komponerte ogso mykje klaver-, kammer- og kormusikk, utanom kyrkje- og orgelmusikk. Ein viktug del av dei mest skapande arbeida hans (m.m. eit stort sceneverk, strykekvartetter og pianosonate) gjekk diverre tapt under ein stor husbrann i 1859 då komponisten var midt i livet. Ein del tapte verk kunne komponisten, sant nok, atterskapa sjølv etter minne, men iallfall var det sannsynlegvis ikkje mykje av det som hadde vore til.
I 1969 stifta barnebarnet Trygve Lindeman, cellist og dirigent, tidlegare direktør av det ovannemnte Musikkonservatoriet i Oslo som me nemnde ovanfor, Lindemans legat. Denne stiftinga stod i dei fyrste fire år for drift av konservatoriet, deretter tok staten over og namnet vart skifta til Norges Musikkhøgskole. Lindemans legat delar ut Lindemanprisen kvart år og dessutan hev dei i fjor laga eiga netside for Lindeman-jubileet. Norsk Musikforlag, i samarbeid med Lindemans legat og Norsk Kulturråd, gav i 1983 ut noteserien «Lindeman-slekten i norsk musikkliv» i tri bind: bd. 1 – «Ældre og nyere norske Fjeldmelodier», bd. 2 – «Klaverbok» og bd. 3 – «Orgelbok».
Og Lindeman-slekta held fram å leva i vår tid. Den mest kjende målsmannen er oldebarnet til Ludvig Mathias, hans son Kristian sr. sitt barnebarn, uppattkalla etter bestefaren, - komponist Kristian Lindeman jr. Kristian jr. ogso feira runddato i fjor – 22. november 2012 vart han 70 år. Han hev komponert m.a. ei rad kjempevakre pianostykkje. Nokre av dei hev artikkelforfattaren teke med i sitt repertoar.
Og heit til slutt: Året 2012, Lindeman-året, er ogso året for ei stor og umfattande kyrkjereform. To ting som kanskje må høyra svært dårleg saman, to nesten polare ting… Er det berre eit tilfeldig samantreff? Eller eit tragisk paradoks?.. Vanskeleg å gjeva eit beinveges svar. Men kanskje er det heilt ikkje naudsynt. Reformer er absolutt forgjengelege ting, dei berre kjem og gjeng, men norsk salmeskatt med Landstad sine dikt og Lindeman sin musikk i spissen skal leva ævleg i folkeminne, trass alle reformer, alle slags umskifte og kataklismar. Den er ein stor nasjonal kulturarv som ein ikkje skulle ha forsømt, iallfall!

KJELDOR
Cappelens Musikkleksikon. Bd. 4. J.W. Cappelens Forlag A/S, Oslo 1979, s. 357 – 362.
Grinde, Nils. Norsk musikkhistorie. Ny revidert utgave. Musikk-Husets Forlag A/S, Oslo 1993, s. 111 – 119.
Hyldbakk, Hans. Vårsøg: Dikt i samling. Surnadal Heimbygdlags skrifter, 1997. (Ordet «surnadøl» er henta derifrå!)
Lindeman-slekten i norsk musikkliv: Bd. 2. Fam. Lindeman`s KLAVERBOK. Bd. 3. ORGELBOK. Norsk Musikforlag A/S, Oslo 1983.
Muzykalnaya Encyklopedia. Bd. 3. Moskva 1976 (på russisk).
Norsk musikk: En antologi ved Nils Grinde og Kåre Grøttum. Universitetsforlaget, Oslo – Bergen – Tromsø 1974, s. 40.
Tvete Vik, Randi. 2012 – Lindemanåret // Bladet KAMMERtoner, nr. 1, 2012, s. 4.

NETKJELDOR
IMSLP.org (Lindeman L.M.)
Lindemanslegat.no
MIC.no (Lindeman O.A., Lindeman L.M., Lindeman T., Lindeman Kr. jr., Lindemans legat, Lindemanprisen)
Wikipedia (Lindeman L.M., Lindeman O.A., Lindeman P.)
 

Share to