• (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseths Fotoarkiv (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Foto er utlånt av Marie Rønneberg (Opphavsrett)
  • Photo: Astor Furseth (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Eit mystisk lys

I grenda Rønneberg i Eidsdal i Norddal kommune snakkar dei framleis om det uforklarlege lyset og den mirakuløse redninga av toåringen Erling.

Et barn forsvunnet i Ytredal - Er barnet tat av en Ørn?


Laurdag 26. august var Erling Palmar Rønneberg 2 år og 4 månader. Under fjellet Grøtet (1519 m) ligg Rønneberg med åtte gardsbruk, og Erling var frå Gjerde, det øvste bruket. Den laurdagen skjedde det noko som førte til overskrifter både i Sunnmørposten og Aalesund Avis.

Eit samandrag av avisomtalane viser at på laurdags formiddag kl. 11.30 forsvann 2-åringen Erling. Han var sist sett tett ovafor garden Gjerde, i ferd med å plukke bær. Nokon høyrde at han ropte på faren, som var så langt ute på markene at han ikkje oppfatta det. Dei andre på garden trudde at han leikte seg med søskena sine, men så synte det seg at han ikkje var å finne. Dei ante straks uråd. Grendefolket slo seg saman, og ein stor flokk tok til å leite i løpet av ettermiddagen og kvelden, til dei vart stansa av mørket.
Tidleg sundags morgon kom politibetjent Sæter frå Ålesund, hadde med politihund og hundeeigar. Det var organisert ein stor leiteaksjon, i alt 250 mann deltok. Terrenget rundt garden vart nøye gjennomsøkt, men også heile sundagen gjekk utan at søket førte til resultat. Det vart spekulert på om dette var eit ørnerov. Svarte haustnatta fall på, og det var kaldt og surt. Rønneberg ligg i 400 meters høgd, og på sundagskvelden tok det til å sludde i høgda. Alle frykta no det verste. Foreldra var djupt fortvilte over at den tynnkledde guten var ute i fjellet ein stad på andre natta.

Lyset på Rønneberg

På tysdag 29.8. skriv avisene om redninga av guten. Først nemner begge avisene noko som hende om natta før, t.d. i Aalesund Avis: ”Søndag kveld sent kom en mand og en småpike gående fjeldovergangen fra Geiranger, da piken plutselig gjør mannen oppmerksom på at lys – omtrent som av en fyrstikke – oppe i fjeldsiden. Manden så det også, men heftet seg ikke stort ved det. Piken derimot varslet ved fremkomsten til sit hjem, sin mor om det. Denne gikk ut på tunet og opdaget også det samme lys på et sted som man kalder Grotja. Også andre folk i dalen sier at de har set en slik lysning der.”

På Rønneberg blir det fortalt ein litt annan versjon. Marie (den 8 år yngre søstera til Erling) fekk mange gongar høyre om dette både frå foreldre og naboar. Det var nokre ungdommar som kom frå helgatur i Geiranger natt til måndag, nemleg Martinus og Marie Rønneberg, Lina Berge og Agnes Indreeide. Dei ante ikkje noko om leiteaksjonen. På heimvegen såg dei eit merkeleg lys i fjellsida ovafor Rønneberg. Marie fortalte om lyset då ho kom heim, og mora gjekk ut og såg det. Martinus frå Håvardsgarden (nabogarden til Gjerde) fekk også høyre om leitinga, og han gjekk ut på tunet og tok méd på eit kvernhus og ei løe. Jamvel folk på Storåsen, på andre sida av dalen, såg dette underlege lyset.

Sunnmørposten 29.8.: ”I gaar eftemiddag fortelles at man skal ha set et lys langt op i fjellsiden – ca. 1000 m oppe – og da folkene sammen med politihunden gikk oppover til dette sted, fandt de gutten. Hvorfra dette lys skriver sig, er ikkje godt å vite, men folk i bygden påstår med bestemthet at det ble set.”

Ved daggry neste morgon drog 10-12 personar av stad. Dei gjekk no dit lyset var blitt sett, noko høgare opp enn dei hadde leita. Ingen hadde trudd at ein to-åring kunne kome så langt i så vanskeleg terreng. Erling vart så funnen 1 km ovafor og noko vest for garden, i 800 meters høgd, og måtte ha gått ei stigning på 400 meter. Han låg på magen, våt, gjennomkald og bevisstlaus. Tett ved gjekk nokre sauer. Dei bar han straks til gards der han fekk behandling av ei sjukepleierske, og han kom seg fort. Det er ikkje lett å begripe at guten overlevde to døgn så langt til fjells. Han hadde ikkje vore redd for å vere åleine om natta; - Eg hadde no lampe attmed oss heile tida, sa han, - og så var sauene til besta der.

Ei ny lagnadsnatt

Ei forklaring på dette lyset som berga Erling er aldri kome fram. Han fekk ikkje mein av hendinga, voks opp og tok arbeid som bygningsmann. Etter nyttår 1944, 23 år gammal, bestemte han seg for ta del i torskefisket i Lofoten for å skaffe seg noko pengar. 13. februar tok han hurtigruta frå Ålesund i lag med sambygdingen Johan Almar Indreeide.

Under krigen var DS Irma brukt som hurtigrute. Kvelden 13. februar 1944 var hurtigruta på nordgåande mellom Molde og Kristiansund. Sør for Hestskjær fyr passerte ho lasteskipet DS Henry også på nordgåande. To norske torpedobåtar (stasjonert på Shetland) låg ved Averøy og venta på ein tysk konvoi. Irma var utstyrt med ei luftvernkanon, og offiserane på torpedobåtane mistok Irma og Henry for å vere ein del av konvoien, og hurtigruta Irma vart senka med to norske torpedoar. Skipet knakk saman og sokk på få minutt. Også lasteskipet vart senka. 61 menneske frå Irma og 4 frå Henry omkom, berre 25 overlevde. Mellom dei døde var Erling og kameraten, ingen av dei vart funne att.

Familien levde lenge i uvisse. Senkinga av hurtigruta er eit mørkt kapittel i krigshistoria, og heile sanninga om hendinga kjem vel aldri fram. Ikkje før enn 68 år etterpå fekk tragedien som ei avslutning. Dei pårørande vart inviterte til ei minnestund på Averøy 16.9. 2002. Kong Harald var til stades og talte om forsoning, sorg og sakn.

Etter krigen vart det sett opp minnestein oppe i fjellet under Grøtet der Erling vart funnen, med inskripsjonen: ”Erling Rønneberg 30.4. 1920 gjekk seg vill 26.8 1922. Min Herres ljos lyste han fram att. Herren leier meg. Salme 23. Omkom ved DS Irmas forlis 13.2. 1944. Signe minnet ditt”

 

Opplysningar frå:
Aalesunds Avis 28.8 og 29.8. 1922
Romsdals Budstikke 17.9. 2002
Sunnmørsposten 28.8 og 29.8. 1922
Relling, Ola: Lyset på Rønneberg, Storfjordnytt 24.12. 1992 s. 32 (Med informasjon m.a. frå Sverre Rønneberg som var med på leitinga.)
Nordddal bygdebøker bind IV, 1976
Norsk Krigsleksikon 1940-1945. J.W. Cappelen Forlag A/S, 1995
Informantar: Grete Rønneberg og Marie Rønneberg

 

1 comment

  • Dette var veldig kjekkt å få lese for meg. Erling var bror til min far og det var kjekt for meg å lese dette.

Share to